Jussen på juksetoppen - endå ein gong

Publisert:1. mars 2018Oppdatert:1. mars 2018, 14:51
I fjor var det 17 juksesaker ved Det juridiske fakultet. Arkivfoto.

Talet på juksesaker ved UiB er relativt stabilt. Juridisk fakultet har klårt flest saker, akkurat som tidlegare år.

Til saman 162 studentar vart straffa for forsøk ved å juksa ved dei fem universiteta UiO, UiB, UiA, NTNU og UiS i 2017. Det skriv Forskarforum, som har henta inn tala.

Samla sett er tala litt høgare enn tala for 2016. Då handsama dei fem universiteta til saman 159 juksesaker. I fjor vart 168 saker handsama, og 162 av dei enda med at studentar vart straffa.

26 saker på UiB, 17 av dei på jussen

På Høyden har sett nærare på tala ved UiB. Av årsmeldinga til den sentrale klagenemnda ved UiB framgår det at nemnda i løpet av fjoråret handsama 26 juksesaker, mot 30 året før. I 16 av desse sakene fekk studenten eksamen annullert, i fem saker vart studenten også utestengt i eit semester, og i ytterlegare fem saker vart studenten utestengt i to semester.

Ingen saker vart lagt bort utan reaksjon, mot fire i 2016. Talet på saker ved UiB har vore relativt stabilt over fleire år.

Årsmeldinga fortel også at femten av sakene har oppstått ved mistanke om plagiat, medan ti saker var knytte til at studentar hadde med seg ikkje-tillatte hjelpemiddel på eksamen. Den siste saka var knytt til tekstmanipulasjon og overskriding av ordgrense i ei obligatorisk innlevering.

Heile 17 av sakene på UiB var på juridisk fakultet, ei sak var på det matematisk-naturvitskaplege fakultet og det var to saker kvar på HF- og SV-fakulteta. At juridisk fakultet ligg på topp på den lite trivelege statistikken har vore tilfelle i ei årrekkje.

70 saker ved HF i Oslo

Forskarforum skriv at Humanistisk Fakultet ved Universitetet i Oslo avslørte heile 70 juksesaker i 2017. Signe Thorstad i studieseksjonen seier til tidsskriftet at dei aller fleste av desse sakene er knytt til heimeeksamenar, men at dei også avslører eit par jukseforsøk på skuleeksamenar kvart semester.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed