Jusprofessor i hardt ver: - Er optimist

Publisert:20. mars 2018Oppdatert:20. mars 2018, 09:37
Høgberg refsa studentanse sine ved Juridisk fakultet, UiO. Foto: Martin Toft

Benedikte M Høgberg refsa studentane for å vera bortskjemte. Det vart det bråk av.

Tirsdag er det tillyst allmøte om saka.

Uniforum har vore i kontakt med jusprofessor Benedikte M. Høgberg. Det var i førre veke det blei kjent at jusstudentane blei opprørte etter at ho mellom annan hadde kalla dei  for bortskjemte og at dei såg på universitetet som ein skule.

Ho ser positivt på at studentane og fakultetsleiinga skal snakka meir saman.

– Det er fint at studentane og fakultetsleiinga kommuniserer vidare om kva forbetringar  som enkelt kan gjerast ved jusstudiet. Me har mange flinke og samvitsfulle jusstudentar, og det er viktig at stemma deira blir tatt på alvor. På sikt håpar og trur eg at fakultetet og studentane kan etablera ei plattform basert på kva realistiske forventingar me kan ha til kvarandre. Eg er optimist, og trur at me alle kan koma styrkte ut av dette, seier Benedikte M. Høgberg i ein kommentar til Uniforum.

Ikkje viss på om allmøtet vil løysa konflikten

Også leiaren for Juridisk studentutval (JSU) Maria Fiorello Conradi ser lyst på utsiktene til å skapa betre forhold mellom professorar og jusstudentar. Men ho veit ikkje om eit allmøte vil løysa konflikten.

– Me håpar først og fremst at debatten vil visa at det ikkje er store motsetningar mellom det studentane og fakultetsadministrasjonen meiner om kor viktig det er med pedagogiske evner hos professorane. Om konflikten vert løyst på tysdag, eller om debatten held fram, veit me ikkje før i etterkant av debatten på tysdag, understrekar ho. Samtidig peikar Conradi på at  uavhengig av det, viser Benedikte M. Høgbergs utsegner at denne debatten er viktig.

 – Studentane som var modige nok til å svara henne på Facebook viser at debatten også er viktig for studentmassen ved Det juridiske fakultetet. Maria Conradi meiner det viktigaste for jusstudentane er gode professorar.

– Ho er ein god professor

– Det inneber både at ein er fagleg flink og pedagogisk sterk, uavhengig av t.d. kjønn og alder. Underholdningsverdien er irrelevant. At me stiller desse krava til professorane våre tyder at desse også kan stilla krav til studentane. Det viktigaste av alt er at begge partar stiller førebudd til undervisning, og at ein viser interesse for faget, legg ho vekt på. Conradi synest den omstridde jussprofessoren er mellom dei gode professorane.

 – Benedikte Høgberg er sjølv det me vil kalla ein god professor. Ho har både det faglege og det pedagogiske på plass, og eg trur studentar vil halda fram med å gå på førelesingane hennar, seier Maria Conradi. Ho forstår kvifor studentane blei frustrerte då Høgberg annonserte at ho ville slutta å ta opptak av førelesingane.

– At studentane opplevde det som ei straff at ho slutta med podkast ei stund, forstår me. Og JSUs oppgåve er å ta vare på studentane sine interesser. Podkast er i seg sjølv viktig for studentane på mange forskjellige måtar, og det er eit gode me set stor pris på. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed