I morgon vert det avgjort om Ann-Kristin får doktorgrad

Publisert:19. mars 2018Oppdatert:19. mars 2018, 13:04
Ann-Kristin Molde og Gjert Kristoffersen meiner Molde si avhandling er god nok for disputas, og er djupt usamde i den sakkunnige komiteen si vurdering. Foto: Hilde Kristin Strand

12 doktorgradsavhandlingar vart underkjent ved UiB i fjor. I morgon får Ann-Kristin Molde vita om fakultetsstyret godkjenner avhandlinga hennar – eller om ho får nei for andre gong.

222 kandidatar tok doktorgrad ved Universitetet i Bergen i 2017, viser tal frå Database for statistikk om høgare utdanning. Men nokre kandidatar kom aldri til disputas. På Høyden har henta inn tal frå alle fakultet ved UiB. I tillegg ba redaksjonen om innsyn i alle saker der fakultetsstyra skulle ta stilling til om ei avhandling var verdig for disputas eller ikkje. Ikkje alle fakultet ga innsyn i konkrete saker, men alle har gitt ut statistikk.

Tala viser at 12 avhandlingar ikkje vart godkjent for disputas i fjor. For 2016 var talet 14. Dette året var det òg ein kandidat som fekk underkjent avhandlinga si for andre gong. Då har ein i utgangspunktet ikkje fleire sjansar.

Kontrollorgan

No kan det same skje igjen for to andre kandidatar.

Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet skal fakultetsstyret i april ta stilling til om ein kandidat skal verta godkjent for disputas. Kandidaten fekk først underkjent avhandlinga si, og leverte deretter på nytt i fjor. Då var ikkje den sakkunnige komiteen samde. Leiaren meinte at avhandlinga var god nok, og saka kom difor til fakultetsstyret med dissens. I tilfelle der dette skjer kan fakultetsstyret gjera vedtak i saka med to tredels fleirtal.

Dette skjedde ikkje, fakultetsstyret var delt i spørsmålet om denne avhandlinga skulle godkjennast. Difor vart det oppnemnt to nye sakkunnige, som skal vurdera avhandlinga. Saka skal opp att i fakultetsstyret i april. Komiteleiaren vil ikkje uttala seg til På Høyden.

– Ei slik sak er ikkje noko nokon i eit fakultetsstyre tek lett på, seier dekan Jan Erik Askildsen.

– Men korleis kan eit fakultetsstyre seia noko om det faglege i ei avhandling?

– Det er sjølvsagt vanskeleg. Men ein skal vera eit kontroll- og tryggleiksorgan og mellom anna sjå på om argumentasjonen kandidaten vert møtt med er sakleg og godt grunngitt.

I forskrifta for grada philosophiae doctor ved UiB heiter det at minst eitt av medlemmene frå den første komiteen bør sitja i den andre. Det skjedde ikkje i saka ved SV.

– Det heiter bør, og det er noko som vert teke alvorleg. Men nokre gonger, og slik vart det i dette tilfellet, er det slik at ingen av dei som sat i den første komiteen vil eller kan sitja i ein ny komité. Det vart arbeidd hardt for å få dette til, og me er tydelege på at det ikkje bør vera slik, seier Askildsen.

Tilbyr ekstra rettleiing

– Mi røynsle er at ein komité som finn ei avhandling så svak at ho kanskje bør underkjennast, legg ekstra mykje arbeid i vurderinga. Ein leitar verkeleg for å finna det i avhandlinga som er godt nok til at ho kan forsvarast ved disputas.

Det seier Jan Heiret. Han er instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap (AHKR). Avhandlinga som fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet underkjente i fjor, kom frå nettopp dette instituttet.

– Eg meiner at det kan vera eit kvalitetsteikn at nokre avhandlingar vert underkjende. Alt kan ikkje gå gjennom. Men dersom nokon av instituttet sine kandidatar får avhandlinga underkjent tilbyr me både ekstra rettleiing og at fleire ved instituttet les gjennom før avhandlinga vert levert inn på nytt.

Meiner spelereglane vart endra

Ann-Kristin Molde høyrer òg til ved Det humanistiske fakultetet. Ho leverte avhandlinga si første gong i 2012. Sjølv seier ho at ho den gongen var budd på at arbeidet kunne verta underkjent, og ho var òg samd i ein del av kritikken som kom fram frå den sakkunnige komiteen. Men då ho leverte i 2017 var ho viss på at ho var i mål. To av medlemmane i den første komiteen sat òg i den andre komiteen.

– Eg sa at eg var 99 prosent sikker på at eg kom til å få godkjent. Men eg sa òg at nokon måtte vera den eine prosenten, seier ho med eit skeivt smil.

– Eg stolte på at komiteen ville vurdera avhandlinga opp mot dei råda som vart gitt i den første vuderinga, og då ville dette arbeidet ha vore godt nok.

I den første vurderinga fekk Molde ei liste på åtte punkt som komiteen meinte ho burde konsentrera seg om. «Samtidig mener komiteen at avhandlinga med en viss bearbeiding vil kunne bringes opp på et tilfredsstillende nivå i løpet av en seks måneders arbeidsperiode», skreiv dei. Når den nye vurderinga så kom, meiner både Molde og rettleiar Gjert Kristoffersen, som er professor i nordisk språkvitskap, at komiteen har lagt heilt andre kriterium til grunn for den nye underkjenninga.

– Det er to utgangspunkt for å underkjenna andre gong: Det eine er at kandidaten ikkje har følgt opp tilrådingane frå komiteen godt nok. Då må det vera heilt greitt å underkjenna. Det andre er at komiteen innfører nye kriterium og underkjenner på bakgrunn av dei. Det er det som har skjedd i denne saka, seier Kristoffersen.

– Det komiteen her gjer, er å endra spelereglane. Molde har ikkje hatt høve til å forbetra ut i frå det. Komiteen har, slik eg ser det, eit etisk problem. Eg meiner Molde har grunn til å føla seg svikta av komitéfleirtalet.

Molde har nytta moglegheita ho som kandidat har til å koma med merknader til komiteen si innstilling. Der skriv ho mellom anna at «når de samme komitemedlemmene deretter ser bort fra den innstillingen de i sin tid signerte, påtar de seg et betydelig etisk ansvar ved å fraskrive seg den forpliktelsen de påtok seg ved å signere rådene i forrige komiteinnstilling».

Rekna med å verta grilla

Kristoffersen kom inn som rettleiar etter at Molde fekk underkjent første utgåve av avhandlinga. Han meiner at arbeidet Molde hadde gjort for å følgje opp råda frå den første komiteen gjorde avhandlinga god nok for å verta forsvart under ein disputas, men seier òg at Molde nok måtte rekna med å få ein del kritiske spørsmål under ein disputas. Det er ho sjølv heilt samd i.

– Spørsmålet er kva som er kritikkverdig og kva som er ein grunn til å underkjenna. Eg har vore heilt sikker på at eg kom til å verta grilla på disputasen, for det er ein del usemje om metode innan forskingsfeltet. Men eg hadde ikkje trudd, eg visste ikkje ein gong at det var mogleg, at deler av avhandlinga som ikkje vart tungt kritisert sist, skulle verta slakta no.

Molde vart teken opp gjennom UiB sitt doktorgradsprogram og har følgt både kurs og presentert prosjektet i fleire faglege samanhengar.

– Eg har berre fått tilbakemeldingar på at dette var eit interessant prosjekt, seier ho.

Men eg hadde ikkje trudd, eg visste ikkje ein gong at det var mogleg, at deler av avhandlinga som ikkje vart tungt kritisert sist, skulle verta slakta no.

I eit debattinnlegg i På Høyden skriv ho at «mens den første komiteen anerkjente forskningsbidraget mitt og anbefalte ny levering, kan det virke som at den andre komiteen mener at jeg burde ha gjennomført et helt annerledes prosjekt».

– Eg meiner at komiteen no har innført nye og avgjerande vurderingskriterium. Sist sa dei at dette var eit interessant prosjekt. No seier dei eigentleg at dette er bortkasta arbeid. Dei vurderer ikkje resultata, og er berre opptekne av metoden, seier Kristoffersen.

Han seier at det er klart at dersom metoden ikkje held mål, vil dette gjera resultata meir eller mindre verdlause. Men han meiner at vurderinga likevel vert skeiv når ein ikkje tek seg bryet med eksplisitt å vurdera om resultata med arbeidet bringjer ny og verdfull inn i den faglege diskusjonen.

– Og det står fast at under arbeidet med avhandlinga vart det ikkje framsett grunnleggande kritikk av metode, verken frå dåverande rettleiar eller andre i det lokale og nasjonale fagmiljøet, seier Kristoffersen.

Vil ikkje kommentera enkeltsaker

Dekan Jørgen Sejersted ved Det humanistiske fakultetet vil ikkje kommentera enkeltsaker, verken Molde si sak eller saka frå AHKR i fjor.

– Andregangsunderkjenningar er veldige alvorlege for enkeltkandidaten, men òg for institusjonen. Det er lagt ned mykje ressursar.

På generelt grunnlag seier Sejersted at fakultetsstyret har vore forsiktige med å legga seg opp i vurderingar gjort av sakkunnige komitear, det gjeld både i tilsetjingssaker og i saker om godkjenning av doktorgradsavhandlingar.

– Dersom ein finn formelle feil frå komiteen si side er dette noko fakultetsstyret kan slå ned på. Ein vil òg sjå på om komiteen er einstemmig eller ikkje. Dissens i komiteen vil kunne skapa eit større handlingsrom i styret, seier Sejersted.

Begge dei to avhandlingane ved fakultetet er vurderte av komitear der nokre, men ikkje alle, komitemedlemmene er dei same frå første til andre vurdering. Sejersted seier at den andre komiteen skal gjera ei vurdering på eit sjølvstendig grunnlag.

– I nokre tilfelle kan kandidaten føla at han er målt etter andre parameter i den siste vurderinga. Det kan koma av at ein eller to nye medlemmer i komiteen har andre synspunkt. Det vert gitt ei fagleg skjønnsmessig vurdering, seier Sejersted.

– Så sjølv om ein får ei liste over ting ein bør utbetra, så kan ein ikkje ta denne altfor bokstaveleg?

– Det stemmer. Nye ting kan koma opp.  Men så kan det òg vera utfordringar i måten kandidaten har følgt opp råda han har fått på.

Eintydig summativ vurdering

Tysdag skal fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet handsama saka. Endre Brunstad, professor i nordisk fagdidaktikk, har leia den andre komiteen. Han sat òg i komiteen som vurderte avhandlinga første gong. Brunstad vil ikkje kommentera saka før handsaminga i styret.

– Komiteen har fått eit oppdrag og gjennomført det, seier Brunstad.

Men komiteen har kome med merknader til Molde sine merknader, slik dei har høve til. Der skriv dei mellom anna at «for det første låg det ikkje i oppdraget at det skulle gjerast ei slik samanlikning, verken i oppnemningsbrevet eller i dei aktuelle forskriftene som gjeld for UiB. Komitéleiaren har dessutan hatt kontakt med instituttleiaren ved LLE som har presisert at oppdraget til komiteen er å vurdere den nye versjonen på eigne premissar, og ikkje gjere noka samanlikning med den eldre versjonen». Dei skriv òg at den første innstillinga i tråd med god skrivepedagogikk peika på vekstpotensial i teksten og ga konkrete råd for endringar. «Når det gjeld vurderinga av andreversjonen var det her på sin plass med ei eintydig summativ vurdering fordi ei underkjenning på dette stadiet diverre ville vere endeleg i høve til målet om ein ph.d.-grad», skriv komiteen.

Dersom ein får eit doktorgradsarbeid endeleg refusert, kan ein klaga etter forvaltningsloven. Ei klage vert først sendt til fakultetet, og dersom det ikkje tek klaga til følgje, skal ho sendast vidare til Den sentrale klagenemnd.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed