HVL ønskjer nybygg i Haugesund

Publisert:7. mars 2018Oppdatert:7. mars 2018, 14:51
Dette er det eksisterande hovudbygget ved HVL campus Haugesund. Foto: Terje Rudi

Høgskulen på Vestlandet vurderer å utvida campus Haugesund med eit nybygg på om lag 7500 kvadratmeter. Pris: om lag 227 millionar kroner.

I Bergen er rivearbeidet med det som skal verta Kronstad 2 i ferdig, og i Sogndal skal ombygginga av det gamle gymnasbygget vera ferdig i desember. No skal styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) diskutera om også høgskulen si avdeling i Haugesund skal få eit nytt bygg.

Høgskulestyret har seminar og styremøte onsdag og styremøte torsdag. Via denne sida kan du følgja strøyminga av møtet.

Har eigedom

Campus Haugesund er i dag lokalisert i eit bygg i sentrum. Allereie i 2004 kjøpte Statsbygg to naboeigedommar med tanke på nettopp utviding. I Haugesund kan ein i dag studera ulike sjukepleiefag og ingeniør- og nautiske fag, samt økonomi og administrasjon.

I sakspapira vert det vist til at rektor Berit Rokne har fått fullmakt til å arbeida med prosjekt nybygg i Haugesund. Det har vorte laga eit rom- og funksjonsprogram, som viser at høgskulen treng vel 7500 kvadratmeter. Dette kan gjerast innanfor den gjeldande reguleringsplanen for området.

Spørsmålet er så kva eit nybygg kan kosta. Det vert vist til at det er svært vanskeleg å koma med ein sum. Kvadratmeterprisen kan verta mellom 38 800 og 64 000 kroner. På Kronstad reknar ein 34 000 kroner for kvar kvadratmeter, men det heiter at det plar vera noko billegare å bygga i haugesundsområdet enn det er i og rundt Bergen. Dersom ein difor reknar med ein kvadratmeterpris på 30 000 kroner, vil nybygget kunne kosta om lag 227 millionar kroner.

Styret vil få ei sak i løpet av våren om eventuell utbygging i Haugesund.

Forseinka i Sogndal

I Sogndal er arbeidet med det gamle gymnasbygget i gang. Bygget skulle vera ferdig ombygd til semesterstart i august, men er noko forseinka, heiter det i saksframstillinga. Planen er no at høgskulen kan overta bygget i desember. Det er allmennlærarutdanninga, idrettsfag og IT-seksjonen som skal inn i bygget på 4 000 kvadratmeter, skriv Statsbygg.

Grunnarbeid i Bergen

I Bergen har det vore mykje snakk om opne kontorlandskap eller ikkje i bygget som har fått namnet Kronstad 2, eller K2. No er rivearbeida ferdige, heiter det i saksframstillinga, og neste steg er grunnarbeid. Bygget skal vera ferdig i 2020. Samstundes som det byrjar arbeid på tomta, skal interiørarkitektoppdrag lysast ut. I sakspapira heiter det at dette oppdraget vert viktig i fase tre i brukarmedverknadsprosessen for utforming av arbeidsplassareala.

Felles for bygga i Bergen og Sogndal er at det er Statsbygg som byggjer. Høgskulen skal betala husleige.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed