Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Godkjenner psykologklinikkane ved UiB

Publisert:15. mars 2018Oppdatert:15. mars 2018, 14:43
Det psykologiske fakultetet kan halde fram med drifta av internklinikkar der studentar tek imot pasienter, under rettleiing av erfarne psykologar.

Ein gjennomgang gjort av konsulentfirmaet PwC viser at drifta ved psykologklinikkane ved UiB er forsvarleg.

Tilsvarande klinikkar ved Universitetet i Oslo blei stengde 12. oktober i fjor, grunna uforsvarleg drift. Med bakgrunn i situasjonen i Oslo vedtok styret ved UiB å få undersøkt drifta ved sine klinikkar gjennom internrevisjonen, som konsulentselskapet PwC tek seg av. 

Konklusjonen har vore klar i fleire veker, men UiB har vald å hemmeleghalde han, og viser til offentleglova § 15 andre avsnitt. Universitetet meiner at offentleggjering av rapporten kan skape uro, noko som ikkje er i UiB si interesse. 

Manglar, men ikkje kritiske

På Høyden kjenner likevel til hovudkonklusjonane i rapporten: 

Konsulentselskapet har funne vesentlege manglar ved korleis klinikkane dokumenterer at dei følger sentrale forskrifter som gjeld for helse- og omsorgssektoren. 

Men manglane er likevel ikkje så alvorlege at dei påvirkar kvaliteten på tenestene klinikkane leverer. PwC vurderer at pasienthandsaminga er forsvarleg. 

Dei har heller ikkje funne tilfelle av at tilsette har brukt lokala til å drive privat verksemd, slik det hadde vore tilfelle av i Oslo. 

Klinikkane får råd om å gå gjennom dokumentasjonen rundt drifta på nytt, og tydeleggjere ei rekke rutiner i forhold til det gjeldande regelverket. 

Råd om forbetring

Dekan ved Det psykologiske fakultetet, Bente Wold, er nøgd med at gjennomgangen ikkje har avdekka kritiske manglar. 

– Det ei peiker på er ikkje dramatiske ting, og det hadde vi heller ikkje trudd, seier ho til På Høyden. 

– Men vi får ein del råd om ting vi kan forbetre, og det set vi pris på, seier Wold. 

Klinikkane held i dag til i Christies gate 12 i sentrum, men skal etter planen flyttast til den nye helseklynga på Årstadvollen, like ved den odontologiske studentklinikken. 

Ved UiO går debatten om framtidig organisering av klinikkane, og det siste er at dei igjen vil ha klinikkane internt. NTNU har vedtatt ei omdiskutert utgreiing om framtidig organisering. Ved UiB er derimot klinikkane planlagde som ein viktig del av helsecampus Årstadvollen. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed