– Det har eigentleg gått veldig greitt, fortel assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden til På Høyden.
Straumbrotet skjedde ca. 1015 på grunn av eit graveuhell i Nordnesbakken. 4000 abonnentar i sentrum og på Laksevåg blei utan straum.
IT-systema til UiB gjekk ned, men dei fleste kom opp igjen i løpet av kort tid.
– Det lengste var Mitt UiB, som blei nede i 1, 5 time. No driv vi litt etterkontroll av bygningsmassen vår, fortel Tungodden.
Nokre blei innesperra i heisar, og måtte hjelpast ut manuelt.
– Men dette har vi rutiner for, og ingen blei sittande lenge fast, fortel Tungodden, som leia krisestaben på Muséplass, der dei framleis hadde straum.
– Folka våre spring no rundt i alle bygg. Mange av systema våre må resettast etter ei slik hending, som påvirkar oss ganske dramatisk. Vi har folk i arbeid utover ettermiddagen, fortel eigedomsdirektør Even Berge.
Han kan ikkje hugse å ha opplevd eit så stort straumbrot før, som fort kan få dramatiske konsekvensar.
– Vi har mellom anna eit stort dyrehald på Marineholmen med fisk i tankar, men der virkar alle pumper, seier Berge.