Fast i heisen etter straumbrot

Publisert:16. mars 2018Oppdatert:16. mars 2018, 15:49
Museplass 1 blei ikkje råka av det store straumbrotet, mens store delar av Nygårdshøyden var slått ut.

Nokre blei innesperra i heisar, men det store straumbrotet i Bergen sentrum fekk ikkje alvorlege konsekvensar på UiB-campus.

– Det har eigentleg gått veldig greitt, fortel assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden til På Høyden. 

Straumbrotet skjedde ca. 1015 på grunn av eit graveuhell i Nordnesbakken. 4000 abonnentar i sentrum og på Laksevåg blei utan straum. 

IT-systema til UiB gjekk ned, men dei fleste kom opp igjen i løpet av kort tid. 

– Det lengste var Mitt UiB, som blei nede i 1, 5 time. No driv vi litt etterkontroll av bygningsmassen vår, fortel Tungodden. 

Nokre blei innesperra i heisar, og måtte hjelpast ut manuelt. 

– Men dette har vi rutiner for, og ingen blei sittande lenge fast, fortel Tungodden, som leia krisestaben på Muséplass, der dei framleis hadde straum. 

– Folka våre spring no rundt i alle bygg. Mange av systema våre må resettast etter ei slik hending, som påvirkar oss ganske dramatisk. Vi har folk i arbeid utover ettermiddagen, fortel eigedomsdirektør Even Berge. 

Han kan ikkje hugse å ha opplevd eit så stort straumbrot før, som fort kan få dramatiske konsekvensar. 

– Vi har mellom anna eit stort dyrehald på Marineholmen med fisk i tankar, men der virkar alle pumper, seier Berge. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed