Camilla har samla inn 17,5 millionar på tre dagar

Publisert:19. mars 2018Oppdatert:21. mars 2018, 00:51
Telefonen har ikkje stått sidan aksjonen starta, og journalistane står i kø for å intervjue Camilla Ahamath. Ho håper at engasjementet for ein betre dialog blir varig. Foto: Dag Hellesund

Universitetsmuseets Camilla Ahamath markerer seg som superkvinne på sosiale medium etter at ho har samla inn 17, 5 millionar kroner til Leger utan grenser.

Fredag kveld kom Ahamath, som til dagleg er webredaktør på Universitetsmuseet ved UiB, og trønderen Sjur K. Almskår på at dei kunne starte ein innsamlingsaksjon som eit motsvar til nokre av haldningane som låg bak dei mange blomane justisminister Sylvi Listhaug fekk tilsendt.

Timing og knallhard jobbing

Ahamath sette 100 000 kroner til Leger utan grenser som mål. Då ho vakna laurdag morgon var det kome inn 140 000 kroner, og Ahamath forsto at ho hadde treft noko.

– Dette skuldast god timing, og mykje jobbing i sosiale medium, seier ho til På Høyden.

I løpet av helga har ho laga 200 postar på facebook, spelt inn fire videoar, og passa på å sleppe nye meldingar med passeleg mellomrom.

– Eg har jobba beinhardt, og likt alle postar og delingar. Og så har eg svart på alle meldingar på SMS, messenger og twitter, og følgd kommentarane vidare opp, fortel ho.

Let seg ikkje stoppe

Undervegs har ho òg justert kursen, frå å vere eit motsvar til blomane til Listhaug, til å vere ei rørsle mot rasisme og nazisme, og for ein god og sakleg debatt, slik at fleire tek del og byggjer ei framtid utan blokkdanning.

– Eg har vore personleg, og snudd aksjonen slik at det ikkje berre skal handle om Listhaug-saka, seier Ahamath.

Og ho har fått ein heilt eventyrleg respons: Så langt har meir enn 64 000 personar støtta aksjonen, som ikkje viser teikn på å bremse opp.

Til samanlikning fekk Noas, Norsk organisasjon for asylsøkere, inn 2,6 millionar kroner då Kristoffer Joner fronta ein kampanje for dei, som og var basert på motstand mot Sylvi Listhaug.

Plastkval og innbrot

Den tidlegare journalisten i Bergens Tidende og NRK Hordaland er ikkje uerfaren med sosiale medium, sjølv om ho til vanleg er ei trebarnsmor frå Laksevåg, som ifølge seg sjølv «hatar merksemd».

Ho bruker kunnskapen om sosiale medium svært medvite i jobben sin for museet.

– Vi byrja så vidt å plaske i dammen med plastkvalen, men der kom vi litt seint i gang, fortel ho.

Men då Universitetsmuseet blei utsett for innbrot, og kring 400 vikinggjenstandar blei stolne, drog ho til for fullt.

I utgangspunktet var saka vanskeleg for museet: Det var ikkje alarm der skattane låg, og Nokas gjorde ein tabbe då dei ikkje undersøkte ein alarm i stillaset utanfor grundig nok. Den manglande sikringa skuldast kanskje mest omfattande byråkrati, at ingen tok ansvar for å sikre samlingane, og mangel på kultur og kunnskap kring sikring av denne typen.

Felles kulturarv

Men Ahamath lot ikkje dét stoppe seg.

– Vi måtte få folk til å forstå at det var vår felles kulturarv vi hadde mista. Og så måtte vi berre køyre på med opplysningar om gjenstandane som var stolne, og kva som skjedde i saka, fortel ho.

I starten var det mange på universitetet som ikkje heilt såg nytten av facebook-kampanjen.

– Det er litt uvanleg for store institusjonar å lage slike kampanjar. I sosiale medium er det openheit og dialog som gjeld. Og jo fleire som blei merksame på at dette var tjuvegods, jo mindre salgbart ville det bli, fortel Ahamath.

Melde seg med dårleg samvit

I museumsmiljøet har det ikkje alltid vore så populært å vere opne, særleg når det dreiar seg om tryggleik. Ahamath meiner at vi uansett ikkje har noko val:

– Vi må aldri gløyme at vi som tilsette i staten skal gjere ein jobb for folket. Då er det vår jobb å vere opne om det vi driv med.

Beviset på at den opne strategien var rett fekk ein i oktober 2017. Då melde ein gjengangar i Bergen seg, og tilsto tjuveriet. Han hadde så dårleg samvit for tjuveriet, at han melde seg på politistasjonen i sentrum, heilt i tråd med kva facebook-kampanjen hadde bygd opp under.

 

Artikkelforfattaren er ein av dei mange som har gitt pengar til Legar utan grenser i aksjonen. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed