Birk (18) tek allereie masterkurs ved UiB

Publisert:23. mars 2018Oppdatert:23. mars 2018, 06:00
Birk Tjelmeland vann førre helg Norsk Informatikkolympiade, som vart arrangert ved UiB. Biletet er frå den internasjonale finalen i Iran i fjor. Foto: privat

Birk Tjelmeland er fersk noregsmeister i programmering. I tillegg er han, trass sin unge alder, allereie UiB-student.

– Eg tenkte det var ein god idé å ta informatikk-fag på universitetet, og så undersøkte eg om det var mogleg. Det var det, seier Birk Tjelmeland.

Han er 18 år og går i 3. klasse på Bergen Katedralskole. Til hausten skal han etter planen verta fulltids UiB-student. Men allereie no har han tatt eksamen i fleire informatikk-emne, òg på masternivå.

Algoritmar

– Førebels følgjer eg ikkje førelesingar, men gjer obligatoriske oppgåver og tek eksamen, fortel Tjelmeland.

Førre helg var han med i Norsk Informatikkolympiade, som vart arrangert ved UiB. Konkurransen er for elevar i den vidaregåande skulen, og Tjelmeland gjekk heilt til topps. I fjor vart han nummer to i den same konkurransen. For to år sidan hamna han noko lenger nede på resultatlista.

– Oppgåvene gjekk ut på å laga algoritmar og implementera dei. Me skulle mellom anna finna ein god måte å summera store tal på, seier han.

– Det er rett og slett problemløysing.

Programmering er ikkje noko han har lært på skulen.

– Eg har lært det sjølv. Eg har tenkt å studera meir informatikk, men eg har førebels ikkje bestemt meg for kva andre fag eg vil ta, seier 18-åringen.

Til Japan

I september vert det uansett ein pause i studia. Då reiser Tjelmeland saman med fire andre til Japan for å vera med i ein internasjonal programmeringsfinale. I slutten av april reiser han som ein del av eit landslag på seks til Stockholm for å vera med i den baltisk-nordiske olympiaden.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed