Amble søkjer direktørstillinga

Publisert:5. mars 2018Oppdatert:5. mars 2018, 17:11
Kari Amble har røynsle både frå journalistikk og kommunikasjonsfaget. No søkjer ho stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Kari Amble er blant søkjarane til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB.

Ein av søkjarane som står på den opne delen av lista er Kari Amble. Ho er i dag seniorrådgivar, kommunikasjon i Raftostiftelsen. Ho har lang røynsle som journalist, programleiar og vaktsjef i NRK, og har òg arbeidd i Bergen Næringsråd. Frå 2013-17 var ho personleg vara for Oddny Miljeteig i universitetsstyret, og møtte fast då Miljeteig var langtidssjukmeld.

Kjenner UiB frå fleire sider

Stillinga som kommunikasjonsdirektør vart først lyst ut i fjor haust. Før jul kom meldinga om at universitetsleiinga hadde valt å ikkje tilsetja nokon. Ingen av søkjarane passa profilen, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm den gongen. Når stillinga no vart lyst ut på nytt, la Bernstrøm vekt på at utlysinga var spissa meir i retning av det kommunikasjonsfaglege.

– Eg kjenner UiB frå ulike sider: Både som journalist, som vara til universitetsstyret og som journalistikklærar i periodar heilt attende til 1990-talet. Det inntrykket eg har av UiB er at det er ein både interessant og inspirerande arbeidsstad, seier Amble til På Høyden.

Ho seier at det er fleire årsaker til at ho no søkjer kommunikasjonsdirektør-stillinga.

– For det første har eg sansen for at kommunikasjon er så sterkt integrert i organisasjonen at handlingsplanen for kommunikasjon er forankra i universitetsstyret. Det fortel at kommunikasjon er viktig og at stillinga som kommunikasjonsdirektør er noko som vert teke på alvor, seier Amble.

Ho seier at hennar inntrykk er at UiB har ein sterk integritet og framstår som ein uavhengig organisasjon, og seier ho i tillegg har sansen for at universitetet i det siste har opna seg meir mot omverda – særleg gjennom satsinga på klyngene.

Vil ha openheit

– Kvifor søkte du ikkje då stillinga vart lyst ut i fjor?

– Der og då var det ikkje rett tid for det. Eg sat i universitetsstyret fram til juni, og kjente at det vart for nært i tid. Du kan seia at eg ga meg sjølv ein karantene, seier Amble.

Ho understrekar at det ikkje er nokon i universitetsleiinga som har oppmoda henne om å søkja, men seier at andre har sagt at dette kan vera ei interesssant stilling for henne.

– Kor viktig er det at du har vore både journalist og kommunikasjonsrådgivar?

– At eg har bakgrunn frå journalistikken har vorte sett på som ein styrke i dei andre jobbane eg har hatt. No har eg òg arbeidd om lag ti år med kommunikasjon. Til saman har dette gitt ein god ballast, seier Amble, og legg til:

– Eg har jobba mykje for å få journalistar til å dekka sakene våre.

Dei andre opne søkjarane er Ole Andreas Drønen, som driv enkeltpersonsføretaket Drønen underhaldning, Festa Kelmendi, sekretær i Helse Fonna, og Christiane Ulriksen, marknadsansvarleg i Enivest.

Amble seier at for henne var det heilt naturleg å stå som open søkjar. Ho meiner det skal vera offentlegheit knytt offentlege stillingar.

– Eg respekterer dei som ikkje ønskjer å visa at dei har søkt ei stilling. Men eg har lang røynsle som journalist, og har òg site i styret til Norsk Journalistlag, og har kjempa for innsynsrett i offentleg sektor. Då må eg ta ansvar og sjølv stå som open søkjar.

Amble seier at ho er ein forkjempar for openheit.

– Eg har òg veldig sansen for at UiB strøymar styremøta sine.

Her er lista

Ole Andreas Drønen, 26, sjølvstendig næringsdrivande
Festa Kelmendi, 24, sekretær Helse Fonna
Kari Amble, 56, seniorrådgivar kommunikasjon
Christiane Ulriksen, 43, marknadsansvarleg/forretningsutviklar

To kvinner og to menn er unnteke offentlegheit

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed