UiB har vorte kontakta om fem me too-saker

Publisert:13. februar 2018Oppdatert:13. februar 2018, 13:37
HR-avdelinga ved UiB har fått fleire varsel etter at #metoo-kampanjen byrja å få merksemd.

UiB har vorte kontakta om fem nye me too-saker, og er oppe i 16 totalt. Ved UiT har det kome inn 18 varsel.

– Me har vorte kontakta om fem saker. Noko gjeld saker me allereie har kjent til, andre varsel gjeld nye saker, seier HR-direktør Sonja Dyrkorn.

Ho seier at det vert jobba med gjennomgang av desse sakene no.

– Kan du seia noko om innhaldet i desse sakene?

– Det ønskjer eg ikkje å gjera no. Men me har ikkje fått varsel om noko straffbart, seier Dyrkorn.

18 ved UiT

Før jul vart det kjent at UiB dei siste ti åra har handsama 11 saker som må seiast å passa under emneknaggen #metoo. Den mest alvorlege saka finn ein attende på 1990-talet.

Uniforum skriv av Universitetet i Tromsø (UiT) har fått inn 18 varsel om seksuell trakassering den siste tida. 17 av sakene skal handla om tilhøvet mellom undervisar og student. UiT-rektor Anne Husebekk seier at ho sjølv har opplevd saker som er «på kanten».

Til fakulteta først

Dyrkorn seier til På Høyden at det er fakulteta som mottek varsel om seksuell trakassering. HR-avdelinga bistår med den hjelpa som trengs.

– Korleis tek de vare på dei som varslar?

– Dei vert følgt opp, og får mellom anna informasjon om kor saka er i prosessen, seier Dyrkorn.

Tidlegare har mellom andre UiB-rektor Dag Rune Olsen sagt at han er uroa for at det kjem for få varsel om seksuell trakassering. Dyrkorn seier at det er vanskeleg å seia om det framleis er mørketal ved UiB.

– Men desse sakene har no fått stor merksemd. Studentane har fått sitt eige sei ifrå-system, og dei tilsette har fått informasjon om korleis dei kan varsla.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed