Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

UiB betaler for hytteflytting i Vingen

Publisert:26. februar 2018Oppdatert:26. februar 2018, 06:00

Strid om ei hytte ved helleristningsfeltet Vingen har enda med at UiB betaler 500.000 for at hytta i framtida skal flyttast.

Påska 1910 var overrettssaksførar Kristian Bing frå Bergen i Bremanger for å klatra i det mektige fjellet Hornelen. I samband med det fekk han tilfeldigvis vita at den lokale heimelsmannen hans, Abraham Honnskaar, og nokre andre sildefiskarar sumaren før hadde sett «nogen dyr aftegnet i et berg» på garden Vingen. Der møtte Bing gardbrukaren Thue Gullaksen Vingen, som synte bymannen fleire helleristningar.

Nokre år seinare enda Bing med å kjøpa heile garden. Berga med helleristningar vart seld vidare til Bergens museum, noko som gjer at det er Universitetet i Bergen som i dag er grunneigar i området.

Samstundes har familien Vingen også hatt tilknytning til staden, ikkje minst spela Peder Vingen ei sentral rolle i oppdaginga av nye helleristningar som vart dokumentert av Egil Bakka i 1960- og 1970-åra.

Dei siste tjue åra har ei festeavtale mellom Torbjørn Vingen og UiB lege til grunn. I denne avtala vart Torbjørn Vingen gjeven ein rett til å ha ståande si hytte – den såkalla Nyehytta – på UiB sin eigedom, mot ei årleg festeavgift på ti kroner. I festekontrakta heiter det at den gjeld så lenge Vingen er eigar og brukar av hytta.

Forlik syter for hytteflytting, i framtida

– I samband med at brukar er slutta å nytta hytta ynskte me å seia opp denne avtala. Årsaken er at Vingen er verna, og at helleristningsfeltet er svært sårbart. Det er difor generelt ilandstigningsforbod i området, fortel eigedomsdirektør Even Berge.

Det ynsket førte til juridisk strid, og i vinter gjekk det mot rettssak. Regjeringsadvokaten fulgte opp saka for UiB. I midten av januar vart ei forliksavtale underteikna. Denne avtala inneber at Vingen-familien fråskriv seg både faktiske og eventuelle rettar til eigedomen og bygg, men samstundes at det vert inngått ei husleigeavtale som gjev familien ein bruksrett i 10 år etter Torbjørn Vingen sin bortgang. Deretter har familien moglegheit til å demontera og frakta vekk Nyehytta, med unnatak for grunnmuren.

– Som ved rettssaker og forlik flest er det ei løysinga som har vore krevjande for båe partar, men UiB er glade for å ha fått dette på plass, seier Berge.

Får støtte frå Riksantikvaren

I tillegg innebar avtala eit utbetaling på ein halv million kroner frå UiB til familien Vingen, som oppgjer for erstatningstomt og for å dekkja utgifter med å demontera og remontera hytta. Riksantikvaren bidreg med 100 000 av desse 500 000. Isa Trøim, seksjonssjef for arkeologiske kulturminne hjå Riksantikvaren, fortel at desse kjem frå dei årlege tilskotsmidla dei kan nytta for å sikra tilfredsstillande vern av kulturminne.

– Desse midla kan nyttast til skjøtsel og vedlikehald, til formidling, til kartlegging, og så vidare, men også til tiltak som inneber flytting av eksisterande anlegg på lokalitetane, dersom verneomsyn tilseier det.

Trøim fortel at det er sjeldan Riksantikvaren bruker pengar på det siste, men peiker på at Vingen er ein av dei største helleristningslokalitetane i Norden.

– Det er eit unikt område i både norsk og internasjonal samanhang. Kulturlandskapet i Vingen og helleristningane der er også svært sårbare, og for å sikra dei mot ukontrollert slitasje er det naudsynt å styra ferdselen i området.

Minneplakett

I tillegg skal UiB syta for at det vert sett opp ein minneplakett over familien Vingen si tid i Vingen.  

– Tekst til plaketten er ikkje klår, men den skal handla om familien Vingen sin innsats for helleristningsfeltet, fortel Berge, som reknar med at plaketten vert sett opp neste sumar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed