Treng samarbeid for å koma vidare

Publisert:9. februar 2018Oppdatert:9. februar 2018, 11:55
- Dagens første talar er valt først og fremst fordi ho har vore student ved UiB, sa rektor Dag Rune Olsen til latter frå salen. Statminsister Erna Solberg tek til orde for eit samarbeid mellom styresmakter, akademia og næringsliv for å gjera noko med dei store, felles utfordringane i vår tid.

Eit samarbeid mellom styresmakter, akademia og næringsliv er naudsynt for å nå berekraftsmåla, seier statsminister Erna Solberg.

– «We are all in this together». Det er ikkje sikkert professorane kjenner dette sitatet, men eg vil tru studentane gjer det.

Det sa statsminister Erna Solberg i sin tale under Berekraftkonferansen. For dei som lurer: Sitatet er frå filmen High School musical.

Nettopp samarbeid var stikkordet i statsministeren sin tale. Ho viste til fleire møte; i New York, Paris og Addis Abeba, mellom verdsleiarane.

– Me set mål. Men dei må løysast regionalt og nasjonalt.

Paradoks

– Den ekstreme fattigdommen er halvert sidan 1990. Fleire jenter enn før går på skule. Levealderen aukar, og den økonomiske veksten skjer ikkje lenger berre i Vesten, sa Solberg som døme på korleis velstanden aukar.

– Men: Så mange flyktningar som det er i verda no har det ikkje vore sidan andre verdskrigen.

Statsministeren nemnde òg nokre paradoks: Nesten alle menneske har tilgang til ein mobiltelefon, men mange manglar framleis elektrisitet og tilgang til reint drikkevatn. Og hundre kilometer frå grensa til OL, der ein skal samlast til vennskapleg konkurranse, finn ein Nord-Korea – som har atomvåpen.

Gates: Innovasjon

Kva kan verdssamfunnet gjera for å fylla FN sine berekraftsmål?

Solberg viste til Bill Gates, som sa innovasjon då han vart spurt om dette.

– Eg er samd. Me kan ikkje koma vidare utan å sjå på korleis me kan gjera ting på ein ny måte. Til dette treng me universiteta og akademia. Men me treng dykk i samarbeid med næringslivet.

De set fokus på saker som er på toppen av min politiske agenda

Solberg var òg oppteken av å få med dei unge, på fleire vis. Ho viste til berekraftmål nummer fire, om god utdanning, og sa at det er like viktig å ikkje droppa ut av skulen for ein norsk gut som det er for ei jente i Nigeria. Å skaffa fleire jobbar, slik at unge ikkje fell utanfor arbeidslivet, er ei anna viktig sak.

– Til dykk unge som er her i dag, som er studentar: De er kanskje litt meir kreative enn professorane. Det er viktig at ein jobbar saman. Og det er de som kan gjera fattigdom om til historie.

Ikkje berre dei andre

Solberg åtvara mot å tru at berekraftsmåla er noko som berre er viktig for «dei andre».

– Me kan seia at alle land er utviklingsland – alle har ein jobb å gjera heime. Òg i Noreg har me problem knytt til berekraftsmål; klima og livet i havet.

Berekraftkonferansen har tittelen «knowledge for our common future». Solberg rosa UiB for å ta leiarskap.

– De set fokus på saker som er på toppen av min politiske agenda. For å nå berekraftsmåla trengs eit globalt samarbeid. Å ikkje få dette til saman vil ramma oss alle, sa statsministeren.  

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed