Til Kina med ministeren

Publisert:1. februar 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:30
Det nordiske senteret ved Fudan university er eitt døme på UiB-samarbeid med Kina. Senteret hadde 20-årsjubileum i 2015. Arkivfoto: Dag Hellesund

Kunnskapsdepartementet skal på delegasjonsreise til Kina i april. UiB håpar å vera tungt representert på turen.

Viserektor Annelin Eriksen leiar arbeidet med ein eigen handlingsplan for samarbeidet med Kina. Ho skal òg vera med på delegasjonsreisa. Foto: UiB

Forholdet mellom Kina og Noreg er ute av fryseboksen, og midt i april reiser statsråd Iselin Nybø med eit stort reisefølgje til Kina. Representantar frå fleire forskingsinstitusjonar skal vera med, mellom andre rektor Dag Rune Olsen og Annelin Eriksen, viserektor for globale relasjonar, frå UiB.

– Me vil vera fagleg tungt representert på delegasjonsreisa. Me har fleire fagmiljø, mellom anna innan klima, marin forsking, velferdsforsking og medisin som har langvarige og omfattende samarbeid med kinesiske universitet, og me planlegg fleire fagseminar medan me er i Kina, seier Eriksen.

Panorama-strategien

Målet med reisa er å gjera samarbeidet både innan forsking og utdanning med Kina sterkare, og bakgrunnen for reisa er den såkalla Panorama-strategien, altså regjeringa sin strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør Afrika. Det skriv Universitetsavisa.

– Kina er ei stormakt som forskingsnasjon, og landet satsar valdsamt på den akademiske utviklinga, og innan forskingsdriven innovasjon i ålmenta, seier avdelingsdirektør Bjørn Tore Kjellemo i Forskingsrådet til Universitetsavisa.

 

Vil styrka samarbeidet

Nokre miljø ved UiB, som Institutt for samanliknande politikk og særleg Stein Kuhnle, no professor emeritus, har samarbeidd med Kina lenge. Det juridiske fakultetet har oppretta Norwegian China Law Centre, og medisinprofessor Rolf Bjerkvig har vore med på å oppretta ChiNor Brain Science Research Centre ved Shandong universitetet. I tillegg er UiB ein del av Nansen-Zhu International Research Centre.

Men UiB ønskjer meir samarbeid med Kina. I universitetsstyremøtet i april skal handlingsplanen for samarbeid med Kina presenterast.

– Det handlar om korleis me kan styrka dei fagmiljøa som allereie er sterke i Kina, og om korleis me kan få fleire fagmiljø til å samarbeida med Kina. I tillegg ønskjer me å få betre system for utveksling og innveksling av studentar til og frå landet, seier Eriksen.

Ho leiar arbeidsgruppa som jobbar med handlingsplanen.

Men det er ikkje berre UiB som samarbeider med kinesiske aktørar. Eriksen har, i samband med arbeidet med handlingsplanen, òg møte med mellom andre Bergen kommune og Bergen næringsråd, for å samordna kontakten med det store landet i aust.

– Kvifor er akkurat Kina så viktig?

– For det første er dei diplomatiske forholda no ute av fryseboksen. Kina er ein stor aktør, og satsar massivt særleg innan teknologiske fag og naturvitskapelege fag, og det er viktig å legga til rette for samarbeid med desse fagmiljøa, seier Eriksen.

Men òg då det var ei diplomatisk krise mellom Noreg og Kina kunne forskarane samarbeida.

– UiB har lenge vore representert i Kina, og òg under istida kunne forskarane samarbeida sjølv om dei to landa offisielt hadde lite kontakt. Det betyr at sjølv om det offisielle Noreg ikkje var i Kina, så var me der. Eg trur UiB har eit godt omdøme blant kinesiske forskarar, seier Eriksen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed