Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Studentane saknar betre tilbakemeldingar

Publisert:5. februar 2018Oppdatert:5. februar 2018, 12:12
Tal frå Studiebarometeret viser at norske studentar, òg ved UiB, ikkje er nøgde med dei faglege tilbakemeldingane dei får.

UiB-studentar meiner dei vert godt rusta for relevante jobbar, men er mindre nøgde med den faglege rettleiinga dei får. Det syner Studiebarometeret 2017.

På landsnivå har om lag 31.000 studentar teke del i undersøkinga, som vart lagt fram i dag. Ho vart gjennomført i fjor haust, og omfattar samtlege norske universitet og høgskular, og samla sett om lag 1800 studieprogram.

Dette er femte gongen NOKUT har gjennomført den årvisse undersøkinga. Resultata syner at studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar her til lands i hovudsak er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei går på. Mest nøgde er studentane på politiutdanninga, med ein snittskår på 4,7 av 5, medan studentar på den femårige grunnskulelærarutdanning er minst nøgde, med eit snitt på 3,6.

84 prosent meiner at studieprogrammet deira er yrkesrelevant. Ved UiB er dette talet 80 prosent.

Mindre nøgde med rettleiing og påverknad

Noko av det studentane er mindre nøgde med er tilbakemeldingar og rettleiing. Ifølgje rapporten om hovudtendensar på Studiebarometeret 2017 er det berre om lag halvparten av studentane som er nøgde med den faglege rettleiinga dei frå. Dette går igjen på tvers av utdanningsinstitusjonar.

– Dette er diverre ei problemstilling me kjenner til, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, ifølgje uib.no.

– Me har difor allereie sett inn konkrete tiltak i form av ei ny mentorordning og ei satsing på meir studentaktiviserande læring, blant anna gjennom bruk av digitale tilbakemeldingsverktøy i læringsplattforma Mitt UiB. Dette vil gje studentane meir tilbakemelding og oppfølging enn dei får i dag.

Studentane er heller ikkje nøgde med sine moglegheiter til å påverka innhald og opplegg i studieprogrammet, eller med korleis kritikk og synspunkt frå studentane vert fulgt opp. På ein skal frå 1 til 5, der 5 er «svært tilfreds» og 1 er «ikkje tilfreds» er snittsvaret frå norske studentar på desse to områda høvesvis 3,0 og 3,1.

Stabile tal

Samla sett viser undersøkinga små endringar for UiB, berre med ein mindre tilbakegang på 0,1 poeng i snitt. Best ut kjem bachelorprogrammet i datatryggleik, der svarprosenten rett nok er låg. Der gav studentane i 4,8 av 5 moglege poeng på heilskapsvurderinga av studiet. Også bachelorprogrammet i nordisk språk, samt masterprogrammet i engelsk skåra over 4,5 i snitt.

Det studieprogrammet som ifølgje barometeret kom dårlegast ut er bachelorprogrammet i nye medier, der snittskåren var 2,4. Dette studieprogrammet er i dag under utfasing i samband med etablering av ei fornya medieutdanning knytt til Media City Bergen, fortel UiB sine nettsider.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed