Skal spørja norske studentar om seksuell trakassering

Publisert:8. februar 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:38
Vert norske studentar seksuelt trakasserte? Av kven? Og på kva måte? Det er blant spørsmåla i den store undersøkinga om studenthelse.

Når 160 000 norske studentar no skal svara på den store helseundersøkinga, er seksuell trakassering eit av hovudtemaa.

#Metoo-kampanjen byrja hausten 2017 og varer framleis. Seinast denne veka skreiv Bergens Tidende (abo) om ein NHH-student som hadde varsla om seksuell trakassering ved NHH. Ved UiB har det vore fleire tilfelle av seksuell trakassering, òg mot studentar.

Nettopp seksuell trakassering er eit av hovudtemaa i den store undersøkinga om studenthelse som Folkehelseinstituttet no har sendt ut på oppdrag frå studentsamskipnadane Sammen, SiT og SiO. 160 000 norske studentar er inviterte til å svara på det som vert kalla SHoT, studentane si helse- og trivselsundersøking.

Kven og korleis?

– Spørsmål om seksuell trakassering er nytt i år, seier professor og seniorforskar Børge Sivertsen ved Folkehelseinstituttet.

– Me vil kartlegga både kva former for seksuell trakassering studentane vert utsett for, frå det verbale til vald og valdtekt, og me spør om kven det er som trakasserer. Studentane får òg spørsmål om kor ofte trakasseringa skjer.

I ei mindre undersøking kjem det fram at menn òg vert utsett for seksuell trakassering. Sivertsen trur at mørketala på rapportering av dette er store, og er spent på kva som no kjem fram i SHoT.

Mange er einsame

Helseundersøkinga har vore gjennomført to gongar tidlegare, i 2010 og 2014. Funna er mellom anna at mange studentar slit med psykiske plager og at mange rapporterer at dei er einsame. Sivertsen er spent på om dette har endra seg i 2018.

– Me ønskjer å finna nokre trendar, og når det gjeld psykisk helse stiller me dei same spørsmåla som me har gjort før. Det var ein ganske stor auke i talet på studentar som rapporterte om psykiske vanskar frå 2010-14, og det er ein trend me ikkje finn elles i samfunnet, seier Sivertsen.

Forskarane stiller spørsmål om både trivsel, einsemd, søvnvanar, og, nytt i år: Om bruken av sosiale medium.

Samanheng med sjukefråver?

– Kvifor er studentar ei viktig gruppe å vita noko om?

– Me veit lite om norske studentar. Åra som student representerer ein viktig overgang til vaksenlivet, og me veit rett og slett lite om denne gruppa, seier Sivertsen.

Nytt i år er at data frå SHoT kan lenkjast opp mot andre data, mellom anna tal knytt til sjukefråver, dersom studenten samtykkjer til dette.

– Psykiske vanskar er ei av dei største trygdeutgiftene i Noreg. Noko av det me er spente på, er om dei som rapporterer dette kjem seg inn i arbeidslivet, seier Sivertsen.

Studentane kan svara på undersøkinga om lag fram til påske. Deretter skal det lagast ein felles rapport. Institusjonane får tilgang til eigne tal.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed