På Høyden braut ikkje god presseskikk

Publisert:28. februar 2018Oppdatert:28. februar 2018, 21:38
Ikkje brot på god presseskikk, konkluderer PFU. Foto: Øyvind Strømmen

Pressens faglege utval har vurdert ei sak På Høyden publiserte hausten 2017. Ikkje brot på god presseskikk, er konklusjonen.

På Høyden skreiv i oktober 2017 ei sak frå Høgskulen på Vestlandet. Saka dreia seg om at ein student hadde meldt ein annan student for seksuell trakassering, etter at den mannlege studenten over tid hadde hatt ein grov seksuell sjargong overfor henne. Då høgskulen handsama saka, fann dei at begge studentane hadde hatt ein ufin språkbruk mot kvarandre over tid. Men spørsmålet var òg korleis høgskulen handterte slike saker. Den kvinnelege studenten meiner HVL ikkje har gode rutinar for å handsama meldingar om seksuell trakassering av studentar. HVL meiner sjølv at dei har rutinar for korleis dei tek imot slike saker.

Meinte premissa var uklåre

Den kvinnelege studenten var intervjua i saka. Då saka var publisert klaga ho På Høyden inn for Pressens faglege utval (PFU). Ho meinte mellom anna at premissa for intervjuet var uklåre og at det ikkje var lagt vekt på saklegheit og omtanke i innhald og presentasjon.

PFU er ikkje samde. Dei handsama saka i møte 27. februar, og heile uttalen deira kan du lesa her. Utvalet skriv at kontakten mellom klagar og redaksjon framstår som lite presis, og at redaksjonen i større grad skulle sikra seg at ein ikkje kunne misforstå noko. 

Den kvinnelege studenten stod først fram med namn og bilete i saka. Men då redaktøren fekk tilbakemelding om at ho ikkje var nøgd med saka som var publisert, vart artikkelen anonymisert. PFU gir redaksjonen ros for dette. Utvalet er ikkje samd i at artikkelen skal fjernast, slik klagar krevde, og konkluderer med at På Høyden ikkje har brote god presseskikk.

Khrono felt

I same PFU-møte vart ei sak mot Khrono, Oslomet si uavhengige avis, handsama. Her konkluderte PFU med at Khrono har brote god presseskikk. Her kan du lesa uttalen frå PFU og saka Khrono skreiv.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed