Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Nybø vil gi universiteta autonomi, men ikkje 9-timars eksamen

Publisert:12. februar 2018Oppdatert:12. februar 2018, 06:00
Då Iselin Nybø var student måtte dei få ut 1,5 års pensum i løpet av eksamensøkter på ni timar. Det vil ho ikkje anbefale å gjeninnføre.

Iselin Nybø vil gi universitetene mye autonomi, men innrømmer at styringsiveren blant politikerne kan være stor.

I førre veke gjesta den nye ministeren for forsking og høgare utdanning UiB i høve den store berekraftskonferansen. Rogalendingen har allereie brukt mange år av livet sitt på Nygårdshøyden i Bergen. Men det er langt frå første gongen ho er tilbake etter at ho slutta som jusstudent for om lag ti år sia.

– Eg har vore her litt mellom studietida og statsrådstida. Eg har jo sete i fire år i utdanningskomiteen på Stortinget. Men det er klart at det er litt spesielt, for eg har jo studietida mi frå Universitetet i Bergen. Men då eg studerte juss tenkte eg ikkje at eg skulle komme tilbake som statsråd!

Juristar frå Bergen er godt representerte i regjeringa. I tillegg til Nybø er Monica Mæland rettsvitar frå UiB, og Venstre-kollega Sveinung Rotevatn er nesten ferdig med det same studiet.

Iselin Nybø følgde den gamle studieordninga, og hugsar særleg dei harde øktene før eksamen.

Eg hugsar at det var hardt arbeid

– Eg hadde ei fantastisk studietid her, og det er ein av dei beste avgjerdene eg i heile mitt liv har tatt, å studere juss på Universitetet i Bergen. Eg likte godt studiet, og eg likte godt studietida, men eg hugsar at det var hardt arbeid. Det var, og er sikkert framleis, eit valdsamt karakterpress. Eg har ei cand. jur.-grad, og då var det jo eit litt anna system. Du gjekk så lenge før du hadde eksamen. Det var ikkje noko særleg då det sto på, men du kan le litt av det i ettertid. Kor langt kan ein eigentleg presse seg sjølv, men framleis halde det gåande?

– No diskuterer dei å gjere om på studieordninga på juss igjen, og eventuelt innføre lengre eksamenar igjen.

– Det er veldig bra at dei har slike diskusjonar. Men det må vere opp til institusjonen sjølv å avgjere. Eg trur ikkje statsråden skal blande seg opp i alle detaljar i sektoren. Men eg kan seie ein ting: Ni timars praktikum-eksamenar er ikkje å anbefale! Eg trur det var ganske mange som ikkje hugsar korleis dei kom seg heim frå eksamen.

Autonomi mot styringskåte politikarar

Men sjølv om ho rår universiteta frå å halde ni timars eksamen, vil ho helst gi dei større fridom. I Jeløya-plattforma har regjeringa lovd at dei skal utgreie ein føretaksmodell for universitet og høgskular. Men Nybø vil ikkje låse seg til den modellen.

– Det me har sagt i Jeløya-plattforma er at me skal ha ein moglegheitsstudie. Det er to ting som går litt parallelt: Det blir jobba med ein gjennomgang av lovverket i sektoren for å sjå kva som avgrensar, og kva som gir moglegheiter. Og dette heng saman med moglegheitsstudien. Men eg har ikkje lyst til å konkludere med noko grep før me har sett resultatet av studien. Men eg er veldig glad for at folk er på banen og diskuterer positive og negative ting.

– Men det er Venstre som har fått foretaksmodellen inn i Jeløya-plattforma. De må vel ha ein viss tanke bak?

– Jo, men det punktet møter begeistring og skepsis i sektoren. Det er difor eg tenkjer at no må me først sjå på kva moglegheiter som ligg der. Foretaksmodellen er meint som eit eksempel.

Det er eit mål for denne regjeringa at me skal ha universitet og høgskular som skal ha stor grad av autonomi

– Ser du andre mulegheiter for å gi universiteta større autonomi?

– Lovverket bør uansett gjennomgåast med jamne mellomrom, for å sjå kva moglegheiter som ligg der for å styrke autonomien. For det er eit mål for denne regjeringa at me skal ha universitet og høgskular som skal ha stor grad av autonomi. Men det er alltid ein vanskeleg balanse. Det er berre å ta ein kikk på sakskartet til Stortinget, så ser du at det er fristande å styre litt både her og der.

Ingen omkampar

Og tilsette og studentar i UH-sektoren har fått merke mykje styring dei fire siste åra. Talet på institusjonar er kraftig redusert i strukturreforma, og ei styreordning med ekstern styreleiar utpeika av Kunnskapsdepartementet er innført.

– Men det fantastiske med strukturreforma er jo at det har skjedd på frivillig grunnlag, etter mildt påtrykk kan me kanskje seie. Men det er ikkje slik som med kommunereforma, at det har vore avgjort i Stortinget. Det har vore påtrykk, det trur eg ikkje me kan stikke under ein stol, men det er noko som sektoren i stor grad har styrt sjølv. Eg er opptatt av at me no har hatt strukturreforma, og no må den få setja seg. Me må ta ut dei gevinstane som er. No må dei nye institusjonane få tid til å finne dei synergiane, og bruke dei.

– Dei fleste vil seie at Røe Isaksen har fått til mykje. Vil me merke det overhovudet at det har kome ein venstre-statsråd inn?

– Det vil eg og seie, særleg fordi Venstre har hjelpt han i kvart einaste budsjett dei siste fire åra. Eg håper at me skal merke at det er ein eigen statsråd berre for denne sektoren, mens Røe Isaksen hadde ansvar for alt frå barnehage til forsking, så er det no ein eigen statsråd for universiteta og høgskulesektoren. Så eg håper at det skal merkast på den måten. Men fleirtalet på Stortinget er det same, og det som er gjennomført dei siste fire åra er gjennomført med det Stortinget som har vore dei siste fire åra, og det fleirtalet som Venstre òg har vore ein del av. Det har vore nokre kampar i førre periode. Nokre har Venstre vunne, andre har me tapt. Men det blir ikkje nokon omkamp om det me har tapt mens eg sit i denne stolen.

Finansieringssystemet står fast

Men regjeringa har òg opna for at høgskular kan bli universitet, så lenge dei fyller ein del krav til mellom anna vitskapleg produksjon og utdanning av doktorandar. Men dei får ikkje meir pengar til forsking fordi namnet blir nytt: Mens vitskapleg tilsette ved forskingsuniversiteta stort sett har like mykje tid til forsking som undervisning, må professorar og andre ved dei nye universiteta bruke 90 prosent av tida si på undervisning.

Ein del krefter ved dei nye universiteta ønskjer å dele potten på ein annan måte. Dei får ikkje støtte frå den nye ministeren.

– Finansieringssystemet hadde me ein fight på i førre periode. Det blei eit kompromiss, og det står fast. Det tydar ikkje at det ikkje kan komme justeringar her eller der, men hovudtrekka i systemet står fast. Det trur eg UiB-rektor Dag Rune Olsen kan leve med.

– Men spørsmålet er om Oslomet-rektor Curt Rice kan leve med det?

– Eg trur Curt Rice er ganske innforstått med at det er det same stortingsfleirtalet no som det var sist. Men eg vil seie at det er bra at alle strevar etter å bli betre, og kjempar for sine ambisjonar. Det ventar eg at vårt største universitet NTNU gjer, og at vårt eldste universitet, UiO gjer. Og at vårt nyaste universitet, Oslomet, gjer.

Nøgde studentar, men saknar rettleiing

– Kva bør gjerast med undervisningsformene i høgare utdanning, med dine erfaringar som jusstudent?

– Eg håpar ikkje at dei held på på same måten på jussen som dei gjorde for ti år sidan! Studiebarometeret viser at studentane stort sett er nøgde. Me må ha det overordna biletet med oss. I det store og det heile er det som skjer veldig bra. Men ein av tinga studentane melder tilbake at dei er minst nøgde med er dette med tilbakemelding og rettleiing. Dette er eit punkt me truleg aldri vil få 100 prosent skår på, for det vil alltid vere eit forbetringspotensiale. Det er ein av tinga som har kome dårleg ut i studiebarometeret i alle år. Det må me ta tak i, og eg håper me skal ha god dialog om det, ikkje minst for studentane og NSO.

– I Bergen er det ei stor marin klynge. Kor viktig er det å få til ei samlokalisering av det marine klyngemiljøet og Havforskningsinstuttet?

– Det er litt derfor me er her no, for å forstå kva utfordringar som ligg der. Saka om samlokalisering ligg ikkje først og fremst ligg på mitt bord. Men det er viktig at eg og har kunnskap om det.

Nei til sex, men ikkje alkohol

Mange har peika på at seksuell trakassering ofte skjer etter alkoholinntak, og i universitets- og høgskulesektoren er det mange høve til ei feiring med prosecco: Ein kollega har fått ein pris, eit institutt skal bli betre kjende på jobbtur, eller ein rektor skal opne eit nytt senter. Når det gjeld trakasseringa har Nybø nulltoleranse.

– Det blir brukt mykje pengar på alkohol i akademia. Er det bra i høve til seksuell trakassering og tilsette som har alkoholproblem?

– Seksuell trakassering skal ikkje skje. Eg ventar at både studentar og tilsette skal ha ein kvardag fri for seksuell trakassering. Og eg forventar at institusjonane følgjer det opp.

Eg drikk ikkje alkohol, så eg seier nei takk når eg får tilbodet

Men når det gjelder alkoholservering viser ho igjen til autonomien:

– Kor mykje alkohol som skal brukast må bli opp til kvar institusjon. Du får ikkje meg til å seie at det skal vere forbod mot servering av alkohol generelt.

– Men blir det skjenka for mykje?

– Det veit eg ikkje. Eg drikk ikkje alkohol, så eg seier nei takk når eg får tilbodet. Men det kjem openbart an på kor mange festar du spreier alkoholbruken ut på!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed