Norske universitet lobbar seg inn mot EU

Publisert:9. februar 2018Oppdatert:9. februar 2018, 06:00
– Det er viktig å vita at me framleis kan bidra, sjølv om Noreg ikkje er eit medlemsland, seier Kristof Vlaeminck, leiar for UiB sitt Brussel-kontor. Arkivfoto: Marthe Njåstad.

– Me har ganske travle dagar, fortel Kristof Vlaeminck, leiar for Universitetet i Bergen sitt Brussel-kontor.

– Arbeidet med EU sitt neste rammeprogram for forskning og innovasjon, FP9, skriv frametter. Samstundes har forskarane byrja å gjera seg meir nytte av brusselkontoret, noko som sjølvsagt er kjekt å sjå.

På Høyden traff Vlaeminck i førre veke, under eit aldri så lite pustehol i eit tettpakka program under eit av hans jamnlege besøk i Bergen.

– Viktig å vita at me kan bidra

Midtvegs i det pågåande forskningsprogrammet Horisont 2020 starta evalueringa som legg grunnlag for korleis det neste – det såkalla Framework Programme 9, eller FP9 – skal sjå ut. Bak denne relativt anonyme forkortinga vil det om nokre få år liggja store pengesummar til forsking. Horisont 2020 er på 75 milliardar euro, og rundt FP9 verserer det ulike moglege summar, både 100 milliardar, 125 milliardar og heile 150 milliardar. Programmet vil omfatta perioden 2021 – 2027.

Som ikkje-medlem i EU er Noreg sine moglegheiter til å påverka utforminga av programmet avgrensa til tida fram til EU-kommisjonen presenterer sitt framlegg. Der skjer venteleg sumaren 2018.

– Det er viktig å vita at me framleis kan bidra, sjølv om Noreg ikkje er eit medlemsland, seier Vlaeminck.

– Det kan vera litt vanskelegare å nå gjennom, men kommisjonen er viljug til å lytta til gode idear.

Fellesinnspel frå norske universitet

I fjor sumar kom rektorar frå åtte norske universitet – universiteta i Bergen, Agder, Stavanger, Oslo og Tromsø, NTNU, NMBU og Nord universitet – med eit felles innspel til EU-kommisjonen, med kommentarar til nokre av råda til den uavhengige ekspertgruppa leia av Pascal Lamy.

Det var det andre av to såkalla «position papers» dei leverte i løpet av fjoråret. No er arbeidet godt i gang med eit tredje.

– Grunnen til at me følgjer opp med eit nytt innlegg er at me betraktar Lamy-gruppa sin rapport som dette tiåret sitt viktigaste forskingspolitiske dokument for Europa. Det set ein klår agenda for det nye forskingsprogrammet til EU, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen til På Høyden i samband med det førre.

I innspelet frå dei åtte norske universitetsrektorane heitte det blant anna at fokuset på forskingsgjennombrot ikkje måtte gå utover den gradvise forskinga.

– Ei slik fellesfråsegn for universiteta i eit land er ganske unikt i europeisk samanhang, fortel Vlaeminck, som legg til at kypriotiske universitet sidan har gjort det same.

– Få havet på agendaen

22. januar fekk Olsen og dei andre rektorane eit møte med Robert-Jan Smits, generaldirektør for forsking og innovasjon i Europakommisjonen. Også i dette møtet understreka dei norske rektorane at dei ser på det som viktig med ein god balanse mellom grunnforsking og fokus på nyskaping. Dessutan framheva dei at samfunnsvitskaplege og humanistiske fag etter deira syn bør spela viktige roller i tverrfaglege tilnærmingar.

I januar vart det dessutan arrangert eit møte i regi av den norske delegasjonen i Brussel der ei rekkje norske aktørar i Brussel diskuterte Noreg sitt tilhøve til EU med Audun Halvorsen, ny statssekretær i utanriksdepartementet.

– Her understreka me blant anna behovet for framheva fokus på havet, fortel Vlaeminck.

– Ofte fokuserer europeisk politikkutvikling på landbaserte løysingar, og dei sjøbaserte vert gløymde, men på dette siste området har Noreg mykje erfaring og mykje å tilby Europa. Eg tenkjer blant anna på sjømatproduksjon, energiproduksjon, på korleis havet påverkar klima og på manglande kunnskap på dette området. Den norske regjeringa burde arbeida for å få dette på den europeiske agendaen, seier han.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed