No vert ordbøkene oppdaterte

Publisert:21. februar 2018Oppdatert:21. februar 2018, 13:36
Delar av ordboksamlingane eksisterer berre som kartotekkort, og Bokmålsordboka burde hatt langt fleire ord. Dette kan det skje noko med etter at ordbokssamlingane no har fått pengar over statsbudsjettet, og søkjer etter leksikografar. Arkivfoto: Ida Bergstrøm

UiB har lyst ut fem leksikografstillingar. Jobben deira vert å oppdatera og revidera ordbøkene.

(Saka er oppdatert med kommentar frå Språkrådet)

– No køyrer me, seier Johan Myking nøgd.

Han er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, instituttet som saman med Universitetsbiblioteket i Bergen er heimstaden for både Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

No har instituttet lyst ut fem faste stillingar som leksikograf. Dei skal ha ansvaret for å oppgradera og oppdatera begge ordbøkene.

Minst mastergrad

Stillingane vart oppretta etter at Stortinget løyva pengar over statsbudsjettet. Formelt sett er det Språkrådet som har fått pengane, men mykje av arbeidet vil skje ved UiB.

– Prosjektet har allereie starta opp, me har tilsett fleire på engasjement, fortel Myking.

Pengane vart gitt med tilsegn om ein årleg sum i fem år, men førebels er løyvinga berre gitt for eitt år.

No jaktar UiB altså på kandidatar som minst har mastergrad i nordisk språkvitskap, eller eit anna relevant språkfag. Dei bør òg ha røynsle frå leksikografisk arbeid, heiter det i utlysingsteksten.

Dei som vert tilsett vert organisert som redaktørar, og ein skal vera hovudredaktør. Hovudoppgåva vert leksikografisk revisjon av begge ordbøkene.

Frå 1986

– Ordbøkene skal reviderast og oppdaterast. Det betyr at ein mellom anna skal legga til nye oppslagsord og sjå på dei definisjonane og ordforklaringane ein har i dag.

Det seier Daniel Ims, som er seksjonsleiar hos Språkrådet.

Ims seier at både Nynorskordboka og Bokmålsordboka er frå 1986. Sidan den gong har samfunnet endra seg mykje.

– Det er gjort ein del endringar i ordbøkene etter det, men no skal me gjera det meir systematisk. Ein del sensitivte ord, knytt til menneske til dømes, må ein sjå på på nytt. Alle ord med “neger” skal allereie vera ute. I tillegg har ein fått ei rekkje nye tekniske ord og nye fenomen dei siste tretti åra, seier Ims.

Byrjar ein med bokstaven “a” og jobbar seg utover?

– Det gjorde ein nok før. Truleg vil arbeidet no verta organisert på ein annan måte, til dømes at ein tek føre seg ulike emne. Men dette er ikkje avklart endå.

I tillegg til leksikografane som skal ha arbeidsstad ved UiB, kjem Språkrådet til å ha tre personar som skal jobba med ordbøkene. Totalt vil det verta meir enn eitt årsverk frå Språkrådet.

– Me har hovudansvar for det som har med rettskrivinga å gjera. Nokre ord er ikkje eksplisitt normerte, det vil seia at det ikkje finst eit rettskrivingsvedtak for ordet, seier Ims, og illustrerer:

– Eit ord som smarttelefon treng ikkje noko vedtak, det er berre ei samansetjing av to ord. Men kva med tromma som vert kalla “djembe”? Korleis skriv ein dette ordet, og korleis skal det bøyast?

Verken “djembe” eller “jembe” finst i ordbøkene i dag. 

Prioriterer appen

I tillegg til at ordbøkene finst på internett, finst det ein eigen ordbok-app. Ifølgje Myking er det denne som er mest brukt, og det er òg appen som kjem til å verta prioritert.

– Noko av det første som vil verta gjort når dei nye leksikografane er tilsett, er å setja opp redaksjonelle handbøker og redaksjonelle prinsipp. Ein må verta samde om ei språkleg harmonisering, og ein må rydda, seier Myking.

Tidlegare har han sagt til På Høyden at Bokmålsordboka har langt færre søkjeord enn Nynorskordboka. No kan det verta gjort noko med.

– Når ein er klar til både å legga ut nye ord og oppdatera dei som er i ordbøkene i dag, kjem appen til å verta oppdatert, seier Myking.

Søknadsfristen for dei fem stillingane er allereie 6. mars. Målet er at dei nye forskarane kan vera i gang frå sommaren.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed