Marita er klar for feiring av den samiske nasjonaldagen

Publisert:6. februar 2018Oppdatert:6. februar 2018, 14:59
Marita Monsen i tradisjonell kofte frå Karasjok. Samedrakt er først og fremst eit festplagg, og finst i fleire variantar. Foto: Hilde Kristin Strand

UiB og Bergen Sameforening markerer samefolkets dag saman. Det vert både føredrag og lassokasting.

Bergen Sameforening har ikkje noko eige hus. Men det er eit samisk miljø i byen, mellom anna ved UiB. Eit av dei er ved Institutt for samanliknande politikk, som flagga i høve dagen. Foto: Hilde Kristin Strand

– Eg trefte ei samisk mor då eg var på besøk i ein av Sammen sine barnehagar i dag. Ho visste ikkje at det vert ei felles feiring av samefolkets dag i Bergen.

Det seier Marita Monsen. Ho er kommunikasjonsdirektør i Sammen, og ho er samisk og sit i styret i Bergen Sameforening. Kofta ho har på i høve dagen har ho rett nok lånt, men ho har lyst på ei eiga. I høve den samiske nasjonaldagen har ho vore i ein av samskipnaden sine barnehagar på Fantoft.

– Den eine barnehagen vår har hatt samiske barn, og dei har hatt ein god del fokus på samane, seier Monsen.

I dag, 6. februar, er altså samefolkets dag. I Oslo har samane eit eige hus. I Bergen samlar ein seg i Jekteviken for å feira. Arrangementet er todelt; først vert det føredrag av tidlegare sametingspresident Sven-Roald Nystø. Deretter vert det tradisjonell samisk mat og leikar for små og store – mellom anna lassokasting.

Samarbeid med UiB

– Det er eit samisk miljø på UiB, både ved Institutt for samanliknande politikk og ved Det humanistiske fakultetet. Bergen Sameforening vart kontakta av Centre on law and social transformation med spørsmål om me ville gjera noko saman med dei i høve dagen, fortel Monsen.

Føredraget har fått tittelen «Developing Sami Rights in Norway in a Contemporary Perspective».

– Korleis er det å vera samisk i Noreg i dag?

– Eg trur det er mykje greiare enn det var før. For nokre handlar det nok framleis mykje om politikk, og dei ser på dagen i dag som ein politisk dag. Men for meg handlar det om å feira dagen, seier Monsen.

Dei samiske røtene hennar kjem frå farssida. Men då han var student i Oslo var det å vera samisk noko ein ikkje snakka om. Sjølv vart ho meir medviten om det samiske først då ho vart student.

– Det skjedde om lag samstundes for meg og kusinene mine. No har eg ei dotter på åtte år, og ho er veldig oppteken av det samiske og ønskjer seg kofte, seier Monsen stolt.

Sying av lavvo

Monsen er altså aktiv i Bergen Sameforening, som arrangerer feiringa av Samefolkets dag. Men ein kan vera medlem av foreininga utan at ein er same. Foreininga arrangerer ymse kurs, mellom anna har det vorte halde kurs i sying av lavvo.

– Tidlegare var det mykje snakk om kor mange prosent same ein er, og nokre presenterer seg framleis med at dei til dømes er 1/8 same. Hos oss er ikkje det eit omgrep som vert nytta, seier Monsen.

Men for å kunne stå i samemanntalet, og slik ha røysterett, må ein ha forelder, besteforelder eller oldeforelder som var samisk.

Kan ikkje joika

Men sjølv om det er lettare å vera same i dag enn det var førre generasjon, kan det framleis hefta nokre stereotypiar ved ein.

– Presenterer du deg som same dersom du er på til dømes ein fest med mange ukjende?

– Eg gjer nok kanskje ikkje det heilt med ein gong, seier Monsen.

– Når ein er same vert ein fort ilagt ein viss identitet. Men eg går jo til dømes ikkje med kofte, ikkje kan eg joika og ikkje snakkar eg noko særleg samisk. Men i familien vår er me opptekne av å gå tur, og brenner gjerne bål. Det minnar meg på den samiske bakgrunnen min.

I øyra hennar dinglar øyredobbar. Dei er samiskinspirerte. Det rutete sjalet vert brukt til kofta, men kan òg brukast elles. Adresseavisen har intervjua samiske ungdommar som kombinerer tradisjonelle samiske plagg med vanlege klede.

– Eg kan gjerne ta på meg nokre identitetsmarkørar, som desse øyredobbane, seier Monsen.

Kofta ho har på seg i høve dagen er frå Karasjok. Sjølv har Monsen samiske røter frå Alta.

– Eg har lyst på ei kofte deifrå. Men eg trur kanskje eg droppar lua, smiler ho.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed