Målpris til Helga Mannsåker

Publisert:28. februar 2018Oppdatert:28. februar 2018, 13:27
Helga Mannsåker vert av Odda Mållag omtala som blant landets fremste nynorskambassadørar. Foto: Universitetet i Bergen.

Helga Mannsåker, som er universitetslektor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen, har fått Odda mållag sin målpris for 2017.

Det fortel lokalavisa Hardanger Folkeblad. Målprisen vart tildelt av mållaget på deira årsmøte førre helg. 

«Helga Mannsåker er mellom dei som har argumentert sterkast og mest overtydande for Odda-modellen, som sikrar ein språkdelt ungdomsskule», skriv mållaget i si grunngjeving. 

Vidare heiter det: «Med sitt vennlege, varsame og vinnande vesen er ho i dag mellom dei fremste nynorskambassadørane i landet vårt. Me er stolte over at ho kjem frå Odda og at ho er medlem i Odda Mållag».

– Det er veldig hyggeleg at dei meiner at eg fortener denne prisen, seier Mannsåker til Hardanger Folkeblad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed