Lar framtidige kunststudentar vise seg fram

Publisert:19. februar 2018Oppdatert:19. februar 2018, 10:21

– Dette er jo dritgøy. Eg har lyst på dette heime, seier Masja Nødtvedt begeistra.

Ho studerer på Kunstskolen i Bergen, som tilbyr fagskuleutdanning i kunst, og er ei av mange som har funne vegen til portfoliodagen på Fakultet for kunst, musikk og design (KMD). På Høyden har også fått vera med då KMD-student Sidsel Nielsen Bonde, for høvet også guide, syner besøkande rundt på verkstadene i Møllendalsveien. Me har kome fram til verkstaden der 3D-printarane står. Det er ein verkstad der ein ikkje berre kan skriva ut tredimensjonale modellar, men faktisk kan teikna tredimensjonalt, ved hjelp av VR-briller og to “handtak”. Og det ser verkeleg gøy ut.

Portfoliodagen er eit ope tilbod til potensielle søkjarar på KMD, og vart torsdag arrangert både på Griegakademiet og i det Snøhetta-teikna bygget i Møllendalsveien. Sistnemnde stad kunne besøkande få tilbakemelding på kunstneriske arbeid dei hadde med seg. Dessutan fekk dei høve til å møta noverande studentar, til å delta på workshops, og dessutan til å sjå på verkstadene.

Koding og kalligrafi

I Øvre prosjekthall i andre etasje, nær kafé Munck, hadde ein høve til å få prøva seg på ulike arbeidsformer. Her kunne ein få arbeida med kinesisk kalligrafi, med typografi og med å laga fanzines med risografi, men ein kunne også få freista SamLabs, eit verktøy for å læra koding, ved bruk ein slags klossar som vert kopla saman ved hjelp av blåtann, og der ein ved hjelp av ein app på eit nettbrett kan definera korleis dei ulike klossane skal te seg.

I andre etasje var det også utstillingar. Blant anna stilte bachelorstudentar i design ut ulike møblar. Lena Haveland forklarte engasjert om både sin eigen lampe, kalla Circuit, som er meint å visualisera kva kraft som skal til for å driva ei lyskjelde, og om hennar medstudentar sine arbeid. Blant dei var barkrakken Fjørao, designa av Marthe Høyheim Lægreid, og laga av ask og med tang henta frå strender ved Sognefjorden. Lampen Letgo, designa av Inkelieme Boersma, var også fascinerande. Den gjev berre lys når to telefonar er plassert ned i foten på lampen, og er slik meint å gje rom for gode samtaler utan telefon. Til gjengjeld vert telefonane trådlaust lada.

Elleve bachelorstudentar frå Institutt ved design var nyleg med på industrimessa Stockholm Furniture & Light Fair, den viktigaste messa for skandinavisk design. Haveland fortel at det var ei kjekk oppleving, og røper dessutan at fleire av studentane har fått napp hjå produsentar.

Litt bortanfor står Ina-Therese Norberg-Schulz og syner fram dataspelet ho har laga ved hjelp av spelutviklingsverktøyet Unity, medan Agnes Guttormsgaard har sett seg til med staffeli og lerret, og måler på eit landskapsbilete.

Dagen gjennom strøyma det til folk, både frå Bergen, landet elles og jamvel likast frå Nederland. I det På Høyden forlot Møllendalsveien stod det stadig meir på timeplanen, inkludert opning av to utstillingar og to timar croquisteikning i Nedre Hall.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed