Instituttleiarar åtvarar mot flytte-omkamp

Publisert:14. februar 2018Oppdatert:14. februar 2018, 14:04
Her vil universitetsleiinga skape ei stor helseklynge, med fokus på primærhelsetenesta. Men på Det psykologiske fakultetet har det vore stor motstand mot flyttinga. Det gamle odontologibygget er under riving, og der skal det første bygget i helseklynga stå.

Dei fem instituttleiarane på Det psykologiske fakultetet åtvarar i eit skarpt brev leiinga ved fakultetet mot å gjere om på tidlegare vedtak om å flytte delar av fakultetet til helseklynga på Årstadvollen.

Under førre dekan, Jarle Eid, vedtok fakultetsstyret å flytte Institutt for klinisk psykologi, Hemil-senteret og Klinikk for nevropsykologi til den planlagde helseklynga på Årstadvollen, til kraftige protestar frå leiinga og tilsette ved Institutt for klinisk psykologi.

Utan rett

I desember 2017 blei det arrangert eit allmøte på fakultetet, der det kom fram ein del misnøye med prosjektet. Dekan Bente Wold har lova å sjå på flytteplanane på nytt, utan å love at ho kan gjere om på alt. Dette var og ein del av valplattforma hennar då ho vann over Jarle Eid i dekanvalet våren 2017. Wold har og varsla om at det kjem eit notat frå dekanatet om flyttinga, og at dette skal sendast ut på høyring i februar.

På grunn av det tidlegare fakultetsstyrevedtaket meiner instituttleiarane at dekan Wold ikkje har rett til å setje i gang det dei oppfattar som ein omkamp om flyttinga.

«Det er derfor vår oppfatning at Dekanatet mangler mandat til å iverksette en prosess med sikte på fornyet styrebehandling av vedtakene i sak 30/17, med mindre dette fakultetsstyret fatter vedtak om at en slik ny gjennomgang skal finne sted», skriv dei i brevet.

Instituttleiarane gir òg uttrykk for at dei ikkje føler seg informerte av dekanatet, og ber om eventuell ny styrehandsaming og høyringsrunde i saka.

– Har misforstått

– Det var eit litt merkeleg brev, og eg synest det er litt rart at dei sender eit brev, i staden for å be om eit oppklarande møte, seier Bente Wold.

Men ho har svara instituttleiarane sine, og forsikra dei om at prosessen ikkje er ein omkamp, men ei freisting på å få forankra flyttinga på ein betre måte, sett i lys av den store misnøya som har vore i saka.

– Dei har misforstått. Det har aldri  vore snakk om å få på plass andre vedtak. Vi prøver å få til ei god forankring for prosessen vi er inne i no, og den lokale brukargruppa uttrykker i alle fall at dei er nøgde, seier Wold.

No jobbar Wold og kollegaene med å ta omsyn til innspela som har kome frå fagmiljøa.

– Eg håper at vi i all hovudsak får inn dei miljøa som er tenkt inn der. Men om det viser seg at det ikkje blir plass til alle, så må vi jo gjere noko med det, seier ho.

Fekk oppklart saka

Instituttleiar Robert Murison ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi avviser at brevet har har skrive under på er ei mistillitserklæring mot dekanatet.

– Grunnen til at vi tok det opp var at det finst eit vedtak frå i fjor, og at vi ønska at dette skulle opp i fakultetsstyret dersom det skulle endrast, seier Murison til På Høyden.

Instituttleiarane har òg sakna informasjon om dette.

– Vi har reist spørsmål om kva som er status, og vi føler at vi ikkje har blitt heilt informert, seier Murison.

Han understrekar at saka blei oppklart av svaret dei fekk frå dekanen. Dei skal dessutan ha eit møte med dekanen onsdag ettermiddag.

Murison vil ikkje svare på kven som tok initiativet til brevet, eller skreiv det første utkastet, men understrekar at dette er eit felles prosjekt.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed