Gir ut ny bok om «byuniversitetet»

Publisert:6. februar 2018Oppdatert:6. februar 2018, 06:00
Gatekunst er eit av fleire tema i ei ny bok om kunst og arkitektur ved UiB. – Gatekunsten er ein visuell kultur som er tilgjengeleg for alle, seier kunstvitar Siri Meyer. Medforfattar Henrik von Achen studerer verket 'Question Everything' av gatekunstnaren kjend som AFK.

Kunst og arkitektur ved Universitetet i Bergen er utarbeidd som ei rikt illustrert gåvebok, men leverer også eit dukk ned i både bergensk historie og UiB si historie.

Den nye og rikt illustrerte boka om kunst og arkitektur ved UiB.

– Boka er eit forsøk på å seia noko om universitetet si historie og sin identitet, og om universitetet si sjølvforståing, seier ei av dei fire medforfattarane, professor i kunsthistorie Siri Meyer. Ho er også leiar for estetisk utval ved UiB.

Det passer godt at det er på Christie kafé at På Høyden møter Siri Meyer og fagdirektør Henrik von Achen ved Universitetsmuseet. Som det heter i et av de fire kapitlene i den nye boken Kunst og arkitektur ved Universitetet i Bergen: «Opphavet var muséet. I hopehav med den nye bydelen som vaks fram rundt muséet på Sydneshalvøya i 1880-åra, blei byuniversitetet skapt, ein annleis campus midt i byen voven saman av byggjekunst frå sist på 1700-talet til i dag».

Det er Eva Røyrane, seniorkonsulent ved eigedomsavdelinga, forfattar og for øvrig tidlegare BT-journalist, som skriv. Medan Meyer har skrive om den kunstnariske utsmykkinga av UiB, i eit kapittel som også gjev noko av ein lynintroduksjon til kunsthistorie, har Røyrane teke for seg utviklinga av bydelen på Nygårdshøyden. Henrik von Achen har skrive bokas mest omfattande kapittel, om kunstsamlinga i Bergens museum. Walter Wehus, som no arbeider som kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Agder, men som tidlegare hadde ei tilsvarande stilling på UiB, har skrive det siste kapittelet i boka, om bergensk gatekunsthistorie  på campus. Wehus er også forfattar av boka Street Art Bergen.

Ein del av bylivet

Då På Høyden spør Meyer og von Achen om kva som er den raude tråden i boka er det ordet byuniversitet dei hentar fram.

– Det har vore viktig å syna at Universitetet i Bergen har vore eit byuniversitet sidan starten, og at det er ein profil ein har ynskt å styrka. Det set UiB i ei særstilling blant dei norske universiteta. Universitetet ligg i byen, og er ein del av bylivet rundt, seier Meyer.

– Det kunne ha vorte annleis. Det var snakk om å leggja universitetet utanfor bykjerna, på same måte som på Blindern i Oslo. UiO er jo på ein måte ein enklave, seier Henrik von Achen.

– Det er klårt at ein kan vinna noko på å leggja universitet slik, men ein vinn iallfall ikkje ein organisk samanheng med byen.

Siri Meyer fortel at identiteten som byuniversitet også er spegla i kjøp av både bygningar og i kjøp av kunst. – No er det også noko som speglar seg i tilhøvet mellom UiB og gatekunsten. Det er ikkje noko anna universitet som har eit så klart tilhøve til den.

Von Achen legg til at interessa for gatekunst også kan sjåast på i ein større samanhang.

– Interessa for gatekunst er eit nyskapande trekk, men denne boka viser også at nyskaping er noko som går att. Her i Bergen har me landets eldste museumsbygg, og det var her den fyrste offentlege kunstsamlinga kom, med oppstart i 1825. Nasjonalgalleriet i Christiania vart fyrst stifta i 1837. Bergens Museum og UiB har heile tida vore nyskapande, og ein satsa også tidleg på den samtidige kunsten gjennom kunstsamlinga som i dag ligg hjå KODE. Gjennom satsinga på gatekunst er på eit vis denne ringen slutta.

– Gatekunsten er ofte ein kommentar til nyhetsbildet, legg Meyer til.

– Den er temporær, og den representerer ei biletverd og ein visuell kultur som er tilgjengeleg for alle.

Vert også gjeve ut på engelsk

Dei to fortel at ideen til bokprosjektet kom frå det førre rektoratet.

– Ein ynskte seg ei bok som kunne verta nytta som gåvebok til kontaktar og gjestar, og ei bok som kunne seia noko generelt om UiB, og ikkje berre vera ei spesialstudie, fortel von Achen.

– Dette formålet er også noko av grunnen til at ho kjem ut i form av to sidestilte utgåver, ei på norsk og ei på engelsk, seier han.

– Det er ei bok om UiB og kunsten. Og dermed også om UiB og verda.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed