Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Går saman for berekraft

Publisert:8. februar 2018Oppdatert:8. februar 2018, 14:36
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og UiB-rektor Dag Rune Olsen opna berekraftkonferansen. I tillegg har den ferske ministeren hatt møte med UiB-leiinga.

– Berekraft må gjennomsyre alt me held på med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Ho opna den store bærekraftkonferansen Kunnskap for vår felles framtid i Universitetsaulaen i Bergen i dag, der norske universitet og høgskular diskuterer korleis norsk akademia kan bidra til å nå berekraftmåla ved å jobbe både nasjonalt og internasjonalt.

Alle er utviklingsland

Konferansen blir arrangert av UiB, i tett samarbeid med andre universitet og høgskular, Kunnskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Helsedirektoratet og Norad.

UiB-rektor Dag Rune Olsen opna konferansen, og brukte vassmangelen i storbyen Cape Town som døme på trugsmåla verda stå overfor.

– Dømet frå Cape Town er berre eitt av mange på korfor vi må fokusere på berekraftmåla. Og i høve til desse er vi alle utviklingslad, seier Olsen.

Må gjennomsyre

Delar av konferansen er retta inn mot kva som kan gjerast i utviklingsland, til dømes gjennom universitetssamarbeid. Nybø ga arrangørane mykje ros for initiativet:

– UiB har gått i front for dette og tatt tak i dette med ein gong. Ein av grunnane til at det var lurt, og som eg trur er ein nøkkel, er at det passar godt inn i mykje av det som Universitetet i Bergen jobbar med frå før av. Dette kan ikkje vere ein ting, men noko som gjennomsyrer heile organisasjonen. Profilen til Bergen er knytta til hav og miljø, og det er mykje som passar veldig godt inn i desse bærekraftsmåla, seier Nybø til På Høyden.

Ho er ikkje i tvil om at framtida er tverrfagleg:

– Men silotenking får oss ikkje i mål. Me hadde toppmøte om digitalisering for ei veke sia. Det var det same der: Me kan ikkje berre tenke som siloar, me må tenke på tvers. Og slik er det med berekraft òg, måla må gjennomsyre alt me held på med.

Du kan følgje konferansen her:

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed