Fakultetet har ikkje meir pengar til japansk

Publisert:14. februar 2018Oppdatert:14. februar 2018, 13:02
Fleire av faga ved Institutt for framandspråk har no berre to tilsette. Japansk er eitt av dei. Arkivfoto: Magnus Vabø

Instituttleiar Åse Johnsen må be dei to tilsette ved japanskfaget om å redusera kvaliteten på undervisninga. Ressurssituasjonen ved HF er som han er, seier dekanen.

Åse Johnsen er instituttleiar ved Institutt for framandspråk. Ho seier at omsynet til dei tilsette og deira arbeidsmengde gjer at studentane får mindre undervisning enn ønskjeleg. Arkivfoto: Tor H. Monsen

– Eg kan ikkje godt be folk om å jobba seg halvt i hel. Eg har òg eit personalansvar, så i staden seier eg at dei må undervisa mindre. Det betyr at kvaliteten på undervisninga vert redusert.

Det seier Åse Johnsen, instituttleiar ved Institutt for framandspråk (IF).

– Det er frustrerande å seia til dei tilsette at «de må nok undervisa mindre», legg ho til.

Kutt hos fleire

Johnsen var kritisk før fakultetsstyret skulle vedta den langsiktige bemanningsplanen før jul. Fleire av faga ved instituttet ho leiar står framfor kutt i åra som kjem.

– No har me fire fag som driftar eit heilt bachelorprogram med to tilsette: Italiensk, japansk, arabisk og kinesisk, seier Johnsen.

Kinesisk har ein sendelektor i tillegg.

Johnsen seier at japansk er i særstilling av desse faga: Ein kunne teke imot langt fleire studentar enn ein gjer i dag. Karakterkravet er høgt, ein treng nesten fem i snitt for å koma inn.

– Japansk er eit av dei mest populære faga våre, og dei produserer mykje studiepoeng. Det er eit godt program med svært tett oppfølgjing av studentane, seier Johnsen om språkfaget som er rekna som eit av dei vanskelegaste i verda å læra seg.

Kan bruka studentar som ikkje finst

No har instituttet skrive eit brev til fakultetsleiinga og bede om at internopptak til faget vert stoppa. I staden vil instituttet konsentrera seg om søkjarane som kjem via samordna opptak.

– Det er synd. Men me har berre to tilsette, seier Johnsen.

Fakultetet har gitt tilbod om at det er mogleg å søkja om undervisningsassistentar.

– Dette er noko ein kan bruka masterstudentar til. Men det har me jo ikkje. Så no undersøkjer me om me kan bruka morsmålslærarar, altså japanske studentar som studerer andre fag.

– Korleis går det med planane om masterprogram?

– Det stemmer at Harry Solvang vart førespegla at det skulle byggast opp eit masterprogram då han vart tilsett. Eg opplever at det nye dekanatet ikkje er heilt avvisande til eit masterprogram i japansk språk. Men førebels har IF vore nøydde til å legga fleire andre masterprogram på is – fordi faga berre har to tilsette, seier Johnsen.

Lite ressursar

– Eg er klar over at japansk opplever eit stort studenttrykk. Men ressurssituasjonen ved HF er som han er, og med unntak av ei halv stilling til arabisk var det ingen fag som vart auka opp i bemanningsplanen.

Det seier dekan Jørgen Sejersted. Fakultetet har slite med økonomien dei siste åra.

– Men japansk er eitt av faga som er sett på venteliste og kan få auka opp talet på tilsette dersom me får avgangar me ikkje har rekna med. Det er ikkje heilt usannsynleg at det kan skje, legg han til.

Dekanen seier at det ikkje er meininga at ein skal undervisa meir enn det stillingsheimelen seier.

– Både institutt og fakultet har ansvar for dette. Dersom ein ser at ein over tid underviser meir enn ein skal, må ein anten kutta ned på talet på undervisningstimar eller så må ein oppbemanna, seier Sejersted.

Undervisningsassistentar?

– Kva tiltak vurderer de for å letta undervisningsbyrden?

– Ein må sjå på det finst andre moglegheiter, som å ha undervisningsassistentar. Bistillingar kan vera ei anna løysing. Men det er ikkje fatta noko vedtak når det gjeld japansk.

Sejersted seier at med den finansieringsmodellen sektoren no har, vil fag med mange studentar og stor studiepoengproduksjon kunne oppleva at dei subsidierer fag som har færre studentar. Han seier at ein eventuell fireårig bachelorgrad for særs vanskelege framandspråk, som var nemnt i humaniorameldinga, truleg vil føra til at det kjem ekstra pengar frå departementet.

– Desse vil det vera gode grunnar til å kanalisera mellom anna i retning av japansk, seier han.

– Er eit masterprogram lagt på is?

– Det er ikkje fullstendig lagt på is. Dersom det varige studentgrunnlaget viser seg å vera godt, kan ein mastergrad verta ein aktualitet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed