Det tok eitt år før innstillinga til språkvitskap-stillinga vart klar

Publisert:28. februar 2018Oppdatert:28. februar 2018, 06:00
Fagmiljøet ved LLE har vore tydelege på at stillinga skulle erstatta vitskapeleg tilsette som har forska på sosiolingvistikk. No satsar instituttleiaren på at tilsetjing kan skje i fakultetsstyremøtet i mai. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Stillinga som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap måtte gjennom to sakkunnige komitear. Komiteane kom til same konklusjon, og etter eitt år er framleis ingen tilsett.

– Dette er ein heilt absurd ressursbruk, seier Gjert Kristoffersen.

Han er professor i nordisk språkvitskap og leia komiteen som i fjor vår fekk følgjande oppdrag: Dei skulle koma med ei sakkunnig vurdering av fem søkjarar til stillinga som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap.

Men utlysingsteksten var ikkje så klår som han kanskje burde vore. Der heitte det at «Det er framfor alt ønskjeleg at den som vert tilsett, har forskingskompetanse i nordisk sosiolingvistikk/dialektologi. Det er dessutan ønskjeleg at den som vert tilsett, har kompetanse innanfor eitt av felta språkhistorie, fonologi og stadnamngransking».

Komiteen tolka utlysingsteksten som at kompetanse i sosiolingvistikk var noko ein måtte ha. Det vart starten på ei sak som no har tatt eit år. Søknadsfristen var 1. mars 2017.

Tre kvinner på topp

På Høyden skreiv om saka i oktober i fjor. Då hadde tilsetjingssaka vore oppe i fakultetsstyret etter ein runde med merknader fram og tilbake. Den sakkunnige komiteen meinte nemleg at to av søkjarane ikkje hadde den naudsynte kompetansen i nettopp sosiolingvistikk, og rangerte dei difor ikkje. Den eine av søkjarane reagerte på dette. Fakultetsstyret gjorde så vedtak, med knappast mogleg fleirtal, om at det skulle opprettast ein ny sakkunnig komite. Denne komiteen fekk beskjed om at dei skulle forstå utlysingsteksten slik at sosiolingvistikk og dialektologi er likestilte alternativ.

Kristoffersen reagerte sterkt på dette. I eit lesarbrev til På Høyden skreiv han at «som leder av en komité nedsatt av fakultetet finner jeg dette vedtaket oppsiktsvekkende, uklokt og arrogant, og også krenkende overfor komiteens medlemmer. Siden det vanskelig kan stilles spørsmålstegn ved komiteens kompetanse, og styreflertallet ikke er pliktig til å begrunne sitt standpunkt, sår vedtaket tvil ved komiteens integritet på en måte det er vanskelig å forsvare seg mot».

No har den nye vurderinga kome. Der vert tre kvinnelege søkjarar rangert på topp – slik som førre komite gjorde. Søkjaren som den gong kom med merknader, er rangert som nummer fire. Om han skriv komiteen at det er tvilsomt om vedkomande har sosiolingvistisk kompetanse, men at dialektologisk kompetanse ifølgje fakultetet skal reknast som likestilt. Ein av søkjarane vert denne gongen òg vurdert som ikkje kvalifisert.

Ikkje overraska

Komiteen er tydeleg kritisk til den instruksen dei har fått. Dei skriv at «formuleringen sosiolingvistikk/dialektolog skal leses som at sosiolingvistikk og dialektologi er likestilte alternativer. Dette er, til tross for at en slik veiledning må kunne kalles uortodoks, tatt til følge. Komiteen vil likevel legge til at den oppfatter dette skillet som uheldig. Sosiolingvister arbeider med kontekstavhengig språklig variasjon på mange ulike måter, slik den tradisjonelle dialektologien også arbeider med språklig variasjon. Slik sett har en sosiolingvist som arbeider med norske talemålsdata, kompetanse i dialektologi».

Ingen i komiteen ønskjer å kommentera saka.

– Eg er ikkje overraska over komiteinnstillinga, dei fekk eit diktat. Men det er bra at dei tok jobben for å få saka ut av verda, seier Kristoffersen.

Til fakultetsstyret i mai

Førsteamanuensis Thorsteinn G. Indridason har vore administrator for den nye komiteen. Han viser til instituttleiar Johan Myking når På Høyden ber om ein kommentar.

– Kva tenkjer du om ressursbruken i denne saka?

– Fakultetsstyret er einerådande i slike saker, seier Myking.

Han seier at mykje kan skje i tilsetjingsprosessar, og at det tek han som instituttleiar til etterretning. Tidleg i fjor haust vart prøveførelesing og intervju gjennomført med dei tre kandidatane som den første komiteen rangerte øvst. Men sjølve innstillinga frå instituttleiar var ikkje ferdig då fakultetsstyret, noko uventa, ba om ei orientering om saka. No trur ikkje Myking saka vert klar til endeleg handsaming i fakultetsstyret før i mai-møtet.

– Søkjarane har ein merknadsfrist på fjorten dagar. Det gjer at me ikkje vil rekka fristen før papira til fakultetsstyremøtet i mars skal sendast ut, seier Myking.

Han håpar å ha ein ny tilsett på plass frå tidleg haust. LLE har fleire tilsette som går av for aldersgrensa dei næraste åra. Dei har mellom anna hatt nettopp sosiolingvistikk som forskingsfelt.

– Vart du overraska over at den andre komiteen kom til same konklusjon som den første?

– Det er fagfolk frå same fagområde som har gjort begge vurderingane. Eg legg til grunn av fagfolk brukar det faglege skjønnet sitt på beste måte, seier Myking.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed