– Det er dessverre arbeid nok til alle

Publisert:9. februar 2018Oppdatert:9. februar 2018, 12:40
NTNU-rektor Gunanr Bovim var beden om å kommentera statsminister Erna Solberg sitt innlegg.

– Dersom ein får ein god idé er det stor fare for at andre har tenkt på det same, seier NTNU-rektor Gunnar Bovim.

Statsminister Erna Solberg var fredag på Berekraftkonferansen. Ho peika på at det er viktig at styresmakter, akademia og næringsliv jobbar saman for å kunne fylla FN sine berekraftsmål, og rosa UiB for å ta tak i det ho og andre verdsleiarar har på den politiske agendaen.

NTNU-rektor Gunnar Bovim sa i sine kommentarar at fleire universitet no fokuserer på berekraftmåla, og at stadig fleire av dei som underviser fortel om dei til studentane.

– Når ein får ein god idé er det ein sjanse for at andre har tenkt på det same. Og dessverre, eller heldigvis, er det nok arbeid til alle.

Vil ha nyfikne studentar

NTNU har tittelen «Kunnskap for en bedre verden» på strategien sin. Bovim sa til konferansedeltakarane at universitetet sitt mål er at studentane er meir nyfikne når dei reiser frå NTNU enn dei var då dei kom.

– Universiteta skal finna kunnskapen, og så er det demokratiet som avgjer kva ein skal gjera, sa Bovim.

Stort ansvar

Solberg peika på at det er farleg å tenkja at det berre er «dei andre» som har problem med å nå berekraftmåla. Bovim er samd.

– Me er priviligerte. Difor har me eit stort ansvar, sa han.

– Mange forskarar er interesserte i å gjera sitt for å redda planeten vår.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed