Desse to underviser seksti studentar

Publisert:14. februar 2018Oppdatert:15. februar 2018, 09:08
Benedicte Irgens og Harry Solvang driftar japanskfaget ved UiB. Dei får skryt, men òg beskjed om at dei jobbar altfor mykje. Foto: Hilde Kristin Strand

Harry Solvang og Benedicte Irgens er dei einaste fast tilsette som underviser i japansk språk. – Det går ikkje opp, seier Solvang.

– Me får stadig beskjed om å redusera talet på timar me jobbar. Me jobbar rett og slett altfor mykje, er meldinga.

Det seier Harry Solvang. Han er professor i japansk språk og er den einaste som er tilsett i forskarstilling ved faget. Benedicte Irgens er førstelektor. Ho har nyleg teke doktorgrad, men er tilsett i ei undervisningsstilling. Desse to er dei fast tilsette ved japanskfaget ved Institutt for framandspråk. I tillegg har faget for tida ein stipendiat som underviser litt, og nokre timelærarar som vert betalt av fagkoordinatordelen av Solvang si stilling.

Ser ikkje inntektene

Då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet før jul handsama den faglege bemanningsplanen stod det i sakspapira at japansk er eitt av tre fag som ein ser på som for lågt dimensjonert og der ein bør vurdera å tilføra ekstra stillingar dersom fakultetet får uventa avgang. Det står òg at faget utmerkar seg med svært høge studenttal og høg studiepoengproduksjon. Dette gjer at dei bidreg vesentleg til fakultetet sin økonomi.

– Me ser ikkje noko til dei inntektene me genererer, seier Solvang tørt.

– Eg synest det er sjølvmotseiande at fakultetet på den eine sida seier at me er for få, men på den andre sida ikkje legg noka ny stilling inn i bemanningsplanen.

Me ser ikkje noko til dei inntektene me genererer

Solvang ser tre moglege løysingar på ressursproblema faget opplever: Å få tilført ressursar, undervisa mindre eller redusera talet på studentar som får plass på studiet kvart år.

Alle må til Japan

I dag får 30 studentar plass på bachelorprogrammet i japansk språk kvart år – om lag ein tredel av dei som søkjer. Men andre året er obligatorisk utveksling til Japan. Solvang og Irgens er tydelege på at det er to grunnar til dette:

Først og fremst er det for studentane sin eigen del, slik at dei kan læra språket betre og den japanske kulturen å kjenna. Men det er òg eit reint praktisk aspekt: Dei to tilsette hadde ikkje klart å undervisa meir enn dei gjer i dag.

I dag har studentane 10-12 timar undervisning i veka. Det meiner dei tilsette er eit minimum.

– Eit språkfag krev eigentleg meir. Studentane kjem hit utan å kunne noko japansk på førehand, og dei skal læra seg tre ulike teiknsystem, seier Irgens.

Ho seier at ei førelesing kan haldast for mange studentar. Men det vert ikkje noko munnleg trening av det, og det vert heller ikkje noko særleg interaksjon mellom førelesar og student – noko som er viktig når ein skal læra seg eit heilt nytt språk. I dag får japansk-studentane munnleg språktrening av timelærarar, men slik Irgens og Solvang ser det, er timetalet på eit minimumsnivå – grunna ressursmangel.

Forskar i feriane

Dei vanlege førelesingane går føre seg på norsk, men Irgens seier at ho prøver å snakka litt japansk kvar gong. Etter kvart held ho nokre, eller deler av nokre, førelesingar på japansk.

– Studentane får med seg kva som vert sagt, dei ler på dei rette stadane, smiler ho.

Solvang har eigentleg 46 prosent forskingstid i stillinga si. Forskinga får han i hovudsak gjort nokre månader om våren, for då reiser andreårsstudentane på utveksling til Japan. Elles tek han feriane i bruk.

– Eg får jo gjort litt, men det vert lite tid til samanhengande forsking, seier han.

“En gang jeg var redd”

I mange år var det Irgens som var japanskfaget ved UiB. Ho seier at arbeidssituasjonen hennar no er mykje betre enn han var då.

– Det var ein kamp at me endeleg vart to. Universitetsleiinga fekk til slutt kniven på strupen, og så kom Harry med fullt engasjement og interesse, seier ho.

Men då Solvang vart tilsett, for over fire år sidan, stod det i utlysingsteksten at eit masterprogram skulle utviklast. Det har framleis ikkje skjedd, og ifølgje dei to tilsette vil det vera heilt umogleg med den bemanninga faget i dag har.

– Det er fleire studentar som ønskjer eit mastertilbod. Det kan dei i dag få ved UiO. Når dei spør må eg svara at «det vert i alle fall ikkje i år», seier Solvang.

Japansk har tre ulike teiknsystem. Kanji-systemet er det mest krevjande, med teikn som ber meining åleine. Studentane skal ha lært om lag 600 kanji-teikn før dei reiser på utveksling til Japan.

Men fordi språket er heilt nytt for dei aller fleste, og veldig ulikt dei andre språka studentane kan, vil dei ikkje kunne skriva lange akademiske tekstar. Mappeeksamen, og ikkje vanleg skuleeksamen, er difor vurderingsform. Det betyr mykje rettearbeid.

– Andreårsstudentane skriv stilar med tema ein kjenner frå barneskulen, som «en gang jeg var redd», seier Irgens.

– Det kan høyrast enkelt ut, men det krev mykje arbeid. Japanske barn lærer rundt tusen teikn dei første seks skuleåra, norske studentar må læra same talet på berre ein tredel av tida. Det er dessutan eit heilt nytt språk for dei som er svært ulikt norsk, og det er mykje å venna seg til både når det gjeld vokabular, grammatikk, uttrykksmåtar og stilnivå.

Den avsluttande bacheloroppgåva vert skriven på norsk, eventuelt på engelsk.

Andre tiltak?

I humaniorameldinga, som vart lagt fram i fjor vår, vart det opna for at dei vanskelegaste språkfaga, som japansk, skal kunne ha bachelorgrad over fire år. Solvang og Irgens lurer på kva dette i så fall vil bety reint stillingsmessig.

– Fagleg er det høgst interessant. Då kunne fleire av studentane nærma seg det nivået mange japanske universitet krev, i alle fall dersom ein vil ta mastergrad på japansk. Men me måtte hatt mykje ekstra ressursar, seier Irgens.

– At me skulle undervist eit kull til… Nei, det hadde ikkje gått.

I dag er japansk eit lukka studium. Det betyr mellom anna at andre UiB-studentar ikkje kan bruka dei frie studiepoenga sine til å ta japansk.

I den faglege bemanningsplanen står det at «fakultetet vil vurdere andre tiltak for å lette undervisningssituasjonen». Solvang er usikker på kva dette betyr.

– Det har tidlegare vore snakk om å tilsetja ein professor II.

– Er det det de treng?

– Me treng nokon som kan undervisa i japansk språk. Ein professor II-stilling kan ein bruka til å gi rettleiing på bacheloroppgåvene, og ikkje så mykje meir. Me skulle helst hatt ei lektor-stilling, seier Solvang.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed