Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Demonstrerte mot Solberg

Publisert:9. februar 2018Oppdatert:9. februar 2018, 11:44
Utanfor, i regnet, stod ei gruppe aksjonistar. Mange ser på oss frå vindauga no, vart det ytra.

Medan statsministeren talte inne, stod ei gruppe aksjonistar frå Natur og ungdom utanfor aulaen med banner.

– Me er her for å visa at me ikkje er samde i den politikken statsministeren og regjeringa fører. Dei har sagt ja til dumping av gruveavfall i Førdefjorden, seier Vilja Helle Bøyum.

Ho er leiar i Hordaland Natur og ungdom, og var ein av fleire aksjonistar som hadde stilt seg opp med banner utanfor universitetsaulaen fredag morgon. Inne var det statsminister Erna Solberg som var dagens første talar under Berekraftkonferansen.

– Me meiner at dumping av avfall er i strid med berekraftsmålet om havforvaltning, seier Bøyum.

Dei unge aksjonistane rekna ikkje med at dei fekk koma inn i aulaen, men håpa å få snakka med statsministeren når ho forlet bygget.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed