Dag Rune Olsen lovar nytt klimamål for UiB

Publisert:14. februar 2018Oppdatert:14. februar 2018, 15:00
UiB-rektor Dag Rune Olsen ynskjer at UiB skal setja eit meir ambisiøst klimamål. Til høgre: Åse Gornitzka, viserektor ved UiO. Foto: Øyvind Strømmen

I løpet av Berekraftskonferansen vart UiB-rektor Dag Rune Olsen konfrontert med at Noreg har eit mål om å verta klimanøytralt innan 2030, medan UiB sitt tilsvarande mål er 2050. Under konferansen sin avsluttande paneldebatt på fredag lova han at UiB vil setja seg eit nytt mål.

– Eg har allereie snakka med eit par styremedlemer her, og me vil få utarbeidd eit nytt dokument, med nye målsetjingar, og dei skal vera meir ambisiøse enn regjeringa sine, sa UiB-rektoren.

I si samanfatting av konferansen sa Olsen også at arbeidet med FN sine berekraftsmål krev nytenking rundt forskingsmetodikk.

– Tilnærminga har vore reduksjonistisk, der ein har sett på isolerte problem, men i dette arbeidet treng ein meir av ei systembasert tilnærming, sa Olsen. 

Han framheva dessutan viktigheita av at forskarar deltek i vitskapsdiplomati, som ein måte å bidra til dialogen mellom ulike nasjonar, samt i vitskapleg rådgjeving av styresmaktene. 

– I nokre land, blant anna New Zealand, har ein fått på plass ein mekanisme for vitskapleg rådgjeving. Me treng å utvikla eit grensesnitt mellom vitskap og politikk, og me som forskarar må våga å snakka med politikarane, sa Olsen.

– Må stilla dei vanskelege spørsmåla

Blant dei andre paneldeltakarane i det avsluttande panelet var Borghild Tønnessen-Krokan i Forum for Utvikling og Miljø, eit nettverk som omfattar ei lang rekkje norske sivilsamfunnorganisasjonar. 

– Universita må krevja meir openheit og mindre hemmeleghald, sa ho. 

– Hemmeleghald er eit drivstoff for både kriminalitet og korrupsjon, og så vidare, og det er viktig at både journalistar, akademikarar, sivilsamfunn og andre heldt fram med å etterlysa meir openheit. Det er det enkelt å seia her i Noreg, men for nokre av mine kollegaer i andre land ville det å seia det same ha vore svært farleg. 

Tønnessen-Krokan meinte også at akademikarar må stilla det ho kalla vanskelege spørsmål. 

– Det er fint at Noreg tek ei leiarskapsrolle rundt berekraftsmåla, men Noreg er også landet der me dumpar giftig avfall i fjordane våre, og me snakker ikkje om det. Når det gjeld klimaendringar, veit me at det ikkje er rom for meir oljeleiting, særleg ikkje i sårbare område. Og ein av dei tinga eg er stolt over Noreg på grunn av er vårt fokus på fred, utdanning og menneskerettar, men samstundes eksporterer me våpen til partar som deltek i krig i Jemen, og som bombar skular og sjukehus. Dette er ein politikk som ikkje heng saman. Og forskarar må stilla slike vanskelege spørsmål. Me kjem ikkje til å nå berekraftsmåla utan samanhengande politikk, sa ho. 

Meir berekraft på pensum?

Tønnessen-Krokan etterlyste elles fokus på berekraft i både ex. phil. og i pensum generelt. Her fekk ho støtte frå masterstudent Johanne Vaagland, som også er tidlegare styremedlem ved UiB. 

– Desse perspektiva må vera ein del av både bachelor- og masterutdanninga, sa ho. 

Vaagland utfordra på studentdeltaking. 

– Trur de at studentar kjenner seg involverte, og at dei har moglegheit til å påverka innhaldet i si eiga utdanning? Slik er det ikkje, noko Studiebarometeret syner kvar einaste år. Den eine tingen norske studentar er minst nøgde med er moglegheita til å påverka si eiga utdanning. Her må noko gjerast, og det må det også i høve denne konferansen. Mitt ynskje for neste år er at me har større studentrepresentasjon i panela, og då ikkje berre i det siste, når halvparten av dykk har gått heim.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed