Bergensstudent omkom i Trondheim

Publisert:13. februar 2018Oppdatert:13. februar 2018, 10:40
Den omkomne studenten blei funnen ved Trondhjems sjøfartsmuseum, som ligg nær eit område med mange restaurantar og utestadar.

Ein student frå Bergen på vitjing i Trondheim blei funnen omkomen i Nidelva i helga.

Studenten var saman med vener då han kom bort frå dei andre i 0100-tida natt til laurdag. 

Laurdag ettermiddag klokka 1715 melde venene han sakna, og politiet sette i gang søk, skriv adressa.no

Det blei sett i gang leiting etter mannen, og klokka 0340 natt til søndag blei han funnen i elva av mannskap frå Raude krossen. 

Mannen blei raskt identifisert ved hjelp av identitetspapir han hadde på seg. Han kjem opprinneleg frå Austlandet, men studerte ved ein studiestad i Bergen. Mandag morgon kjende verken Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NHH eller BI i Bergen til at ein av deira studentar var omkomen. 

Den omkomne blir obdusert mandag. 

Det har vore ei rekke drukningsulukker i Nidelva, som renn gjennom Trondheim sentrum. I august 2017 drukna ein 21 år gamal BI-student frå Stavanger, som òg var på vitjing i byen. 

Søndag blei ein 65 år gamal mann funnen omkomen i elva, ved Bakke bru. Politiet trur ikkje dødsfallet har nokon samanheng med den andre saka.  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed