Vurderer dusør for å finna skatten

Publisert:10. januar 2018Oppdatert:10. januar 2018, 14:30
Dei stolne objekta vart funne i ein blå Ikea-pose. Ein del av dei er øydelagde, mellom anna er ein av halsringane som dei til venste i biletet delt i to. Instituttleiar Asbjørn Engevik er usikker på kor mykje ein skal prøva å reparera.

Universitetsmuseet vurderer å lova dusør til dei som kan hjelpa til med å få resten av vikingskatten attende til museet. Dei fire mennene som er sikta i saka, er no lauslatne.

Instituttleiar Asbjørn Engevik saman med politiadvokat Linn Revheim på pressekonferansen. Engevik ønskjer no å disktuera om ein skal lova dusør for tips som fører til at resten av skatten vert funnen. - Ei moglegheit, seier Revheim. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

– Me har ikkje gitt opp håpet om å få resten av skatten attende. Men håpet svinn.

Det seier Asbjørn Engevik, instituttleiar ved avdeling for kulturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen.

Det var i byrjinga av november at fire menn vart pågripne, sikta for anten sjølve innbrotet ved Universitetsmuseet i august eller for heleri knytt til tjuveriet. No er alle dei fire ute av varetekt. Det var BA som først melde dette (abo).

Vil diskutera dusør

Politiadvokat Linn Revheim seier til På Høyden at mennene ikkje har sagt noko om kva dei har gjort med dei gjenstandane som ikkje er funne. Om lag ein tredel av skatten er framleis sakna.

– Eg må nok seia at eg er redd for at ein ikkje kjem til å få resten av gjenstandane att. Det ser vanskeleg ut, seier Revheim.

Ho seier at mennene no har site lenge i varetekt, og den siste tida utan at politiet har fått nye opplysningar i saka.

Engevik skulle gjerne visst om at mennene vart lauslatne.

– Eg hadde ønskja at me kunne fått diskutert med politiet om det finst andre moglegheiter til å få skatten attende, seier Engevik.

– Me har diskutert om me kan lova dusør. Eg er ikkje sikker på om me i det heile kan gjera det, som ein offentleg instans, men det er verd å diskutera.

Engevik håpar nokon veit noko om kor dei mellom seksti og hundre gjenstandane er, og seier at dette er objekt som no vil ha liten omsetjingsverdi.

– Eg ser poenget, svarar Revheim.

– Dusør kan vera ei moglegheit. Men eg er nok kanskje redd for at dei sikta ikkje har gjenstandane lenger eller veit kor dei er. Mange av gjenstandane er små, og eg trur nok dei anten kan vera omsett eller rota bort.

Kor mykje skal ein lima?

Då mennene vart fensgla i november, fann politiet om lag to tredelar av den forsvunne skatten. Men fleire av gjenstandane var øydelagde. Engevik seier at fagmiljøet no diskuterer kor mykje som skal rekonstruerast.

– Sjølvsagt kan me bruka mykje tid og krefter på å lima saman, men er det hensiktsmessig? Me konserverer der metallet er i dårleg stand, men er rett og slett usikre på kva meir me skal gjera. Objekta fortel ei ny historie no, og uansett kor mykje me restaurerer vil me ikkje kunne få dei attende slik dei var.

Ein armring i sølv vart funnen delt i to. Engevik fortel at eit anna objekt har fått skader etter dets om kan sjå ut som varmebehandling, kanskje for å prøva å få av eit gullbelegg. Det var få av gjenstandane som var av reint gull. Men dei to som var det, ein armring og ein liten gullbarre, er framleis forsvunne.

– Me håpar å kunne få til ei utstilling om ikkje så lenge, der me viser fram ein del av objekta me har fått tilbake, og samstundes fortel litt om vikingtida, seier Engevik.

Seks års strafferamme

Strafferamma for både grovt tjuveri og grovt heleri er seks års fengsel. Revheim fortel at tiltalen truleg vil vera klar i løpet av våren.

– Det er to som har sagt at dei var inne på museet, og dei vil verta tiltalt for grovt tjuveri. I tillegg vil eg sjå på lovverk knytt til at gjenstandar har vorte øydelagde, seier Revheim.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed