Vil ha store bøter for brot på mållova

Publisert:4. januar 2018Oppdatert:4. januar 2018, 12:36
Seniorrådgjevar Georg Arnestad har leia arbeidsgruppa som har kome med forslag til språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet. Foto: Tove Takvam Uglum/HVL

— Det må svi på pungen å bryte mållova, meiner seniorrådgjevar Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet. Der er det no forslag om eit eige språksenter som skal «passe på» både nynorsk, bokmål og engelsk.

— Det må svi på pungen å bryte mållova, meiner seniorrådgjevar Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet. Der er det no forslag om eit eige språksenter som skal «passe på» både nynorsk, bokmål og engelsk.

Khrono skreiv i romjula om at Kunnskapsdepartementet no har sendt brev til alle universitet og høgskular om at dei må vise respekt for mållova. Lova seier at alle skal ha minst 25 prosent nynorsk eller bokmål. Veksling mellom dei to målformene skal også bli ein del av styringsdialogen mellom departementet og institusjonane.

No på nyåret er det igjen tid for at dei ulike statlege institusjonanen skal sende inn rapport om målbruken sin til Språkrådet. Dei aller fleste bryt mållova, fleire bryr seg heller ikkje om å sende inn rapport, sjølv etter purring.

Som eit svar på den elendige stoda i kunnskapssektoren, vil no Kunnskapsdepartementet skjerpe inn krav om veksling mellom bokmål og nynorsk.

Positive signal

Høgskulen på Vestlandet er berre eit år gammal og skal sende inn rapport for første gongen. Der er arbeidsspråket nynorsk, men dei har også krav om å ha minst 25 prosent bokmål.

Seniorrådgjevar Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet ser positivt på signala frå Kunnskapsdepartementet om ei skjerping av målbruken, men vil vente å sjå på eventuelle resultat.

— Det er ikkje noko nytt at universitet og høgskular ikkje tar mållova på alvor. Og det har vore lite oppfølging frå departementet, men no får vi sjå om det skjer noko, seier Arnestad.

Bøter for brot?

— Men det får ingen konsekvensar for dei som bryt lova - skulle ein hatt nokre sanksjonar?

— Det er opp til departementet å avgjere sanksjonar, men store bøter hadde vore tingen. Det må svi på pungen å bryte mållova, sier Arnestad til Khrono.

Han minner òg om at det i 2009 kom inn ein ekstra paragraf i Universitets- og høgskolelova der det står at dei enkelte institusjonane har eit ansvar for å halde ved like og vidareutvikle det norske fagspråket.

— Det er noko vi bør ta på alvor, meiner Arnestad. Så langt har institusjonane ikkje brydd seg særleg med dette.

Språkpolitisk ambisiøs

Seniorrådgjevar Georg Arnestad ved HVL har leia ei arbeidsgruppe som rett før jul la fram forslag til nye språkpolitiske retningslinjer ved Høgskulen på Vestlandet.

Arbeidet handlar ikkje, som ein kanskje kunne tru, så mykje om tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, men mellom norsk og engelsk. Målet deira er at høgskulen skal vere ein «språkpolitisk ambisiøs høgskule».

Arbeidsgruppa har lagt til grunn dei språkpolitiske prinsipp og forventningar som den siste tida har kome til uttrykk i relevante nordiske utgreiingar og frå det norske Språkrådet.

More parallel, please!

Gruppa har særleg lagt vekt på tilrådingane i den nordiske språkpolitiske rapporten More parallel, please! (2017) og på Språkrådets oppfølging av denne. Her står arbeidet med parallellspråkbruk sentralt; det vil i praksis seie forholdet mellom bruken av nasjonalspråket og engelsk.

— Denne nordiske rapporten er ein god rapport, men det er ikkje så mange her i landet som har brydd seg om han. Ikkje ein gong Universitets- og høgskolerådet, men det speglar vel berre interessa hjå UH-institusjonane for dette spørsmålet, seier Arnestad.

Nynorsk fagspråk og klarspråk

Forslaget til språkpolitiske retningslinjer ved HVL legg til grunn at høgskulen skal ta eit særskilt ansvar for å halde ved like og vidareutvikle eit nynorsk fagspråk innanfor dei profesjons- og arbeidslivsretta faga og utdanningane.

«Klarspråk» skal vere eit kjenneteikn ved den skriftlege kommunikasjonen ved HVL og at høgskulen skal ha ei høveleg og tydeleg arbeidsdeling og ein god balanse mellom bruken av nasjonalspråk (nynorsk, bokmål) og parallellspråk (engelsk) i utdanning, forsking og formidling.

Å halde oppe denne parallellspråklege balansen krev opplærings- og støttetiltak både i norsk og engelsk for ulike grupper tilsette og studentar ved HVL, heiter det i forslaget.

Språksenter i vest?

Arbeidsgruppa meiner også at det er avgjerande viktig at dei språkpolitiske retningslinjene blir følgde opp og kjem med forslag om eit eige språkpolitisk utval på leiarnivå som skal ha ansvaret for dette, saman med eit eventuelt språksenter (e.l.) ved Høgskulen på Vestlandet.

— Desse forslaga er ikkje tekne ut av lause lufta, dei er tufta på tilrådingar i rapporten More parallel, please! frå framståande akademikarar ved fleire nordiske universitet, seier Arnestad.

Norsk når ein kan, engelsk når ein må

Bad English

— Der er dei også bekymra for at det har skjedd ei anglifisering av nordisk akademia dei siste åra, seier han. Det same er Språkrådet.

— «Bad English» er det nye verdsspråket. Det er nødvendig å kunne beherske sitt eige morsmål godt for å kunne bruke framandspråk på ein tilfredsstillande måte , meiner Arnestad.

— Ein tommelfingerregel når det gjeld vitskapleg publisering kan kanskje vere: Norsk når ein kan, engelsk når ein må, seier Arnestad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed