Varsel gjennom fleire tiår

Publisert:9. januar 2018Oppdatert:9. januar 2018, 10:26

Leiinga ved Kunsthøgskolen i Oslo har gjennom fleire tiår fått høyra at ein tilsett har drive seksuell trakassering. Det fyrste varselet skal ha kome allereie i 1995, fortel Klassekampen.

Rett før jul vart leiinga ved Kunsthøgskolen i Oslo hasteinnkalla til eit møte med Kunnskapsdepartementet. Bakgrunnen var eit varsel om alvorleg seksuell trakassering som skal ha pågått ved høgskulen over lengre tid. I eit brev skreiv ekspedisjonssjef Toril Johansson i Kunnskapsdepartementet at dei ser svært alvorleg på saka, og leiinga ved høgskulen vert bedne om å vurdera både arbeidsrettslege steg og å melda saka til politiet. Saka vart fyrst omtalt av Khrono.

Avisa Klassekampen fortel tysdag at dei har snakka med fleire personar som fortel at det ved fleire høve har vorte meldt frå til leiinga om ein og same tilsette ved Kunsthøgskolen. Avisa har ikkje fått stadfesta at det er snakk om den same personen det er varsla til Kunnskapsdepartementet om, men fortel at varsla dreier seg om upassande seksualisert åtferd. 

Ifølgje Klassekampen skal ein studentrepresententant ha varsla om den tilsette allereie i skuleåret 1995/1996. Avisa fortel også at to kvinner skal ha meldt frå til dåverande dekan om same person for over ti år sidan. 

– Me har fått vita at det er blitt varsla til skulen tidlegare, men me visste ikkje om varsel så langt attende som på 1990-talet, seier Jørn Mortensen, rektor ved Kunsthøgskolen, i eit intervju med Klassekampen.

– No undersøker me dette for å sjå kva som har blitt gjort. 

Mortensen, som tok til som rektor i 2015, seier også at det som har kome fram syner at Kunsthøgskolen ikkje har gjort jobben sin.

– Dei som har opplevd dette, fortener ei unnskyldning utan atterhald, seier han til Klassekampen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed