Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

UiB vil løfte klima i møteserie

Publisert:25. januar 2018Oppdatert:25. januar 2018, 14:56
Klima står på agendaen i ein ny møteserie i regi av UiB og Litteraturhuset i Bergen. Her det ikoniske jordoppgang-biletet, teke av astronauten William Anders i 1968. Foto: NASA.

Det fyrste møtet i møteserien «Tampen brenner», i regi av UiB og Litteraturhuset i Bergen dro klimadebatten inn på eit optimistisk spor.

Dei rundt tretti publikumarane som hadde funne fram til Litteraturhuset gjennom ruskeveret fekk med seg ei samtale mellom klimaforskar Erik Kolstad frå Bjerknessenteret, Agnes Tvinnereim frå Bærekraftige liv på Landås og Tarje Wanvik frå UiB sitt nye Senter for klima og energiomstilling. I tillegg var det sett av ein stol til publikum i panelet, der den som ville kunne setja seg og delta i samtala. Den vart ikkje nett slitt ut i løpet av diskusjonen, men til gjengjeld kom det fleire innspel frå salen.

Klimafiksing og Donald Duck

Temaet på plakaten var eit ganske dramatisk spørsmål, «Er to grader en for mye?», men dei tre samtalepartnarane på scenen gjorde det ganske raskt klårt at dei ville spora samtala inn på eit meir optimistisk spor. Det var då også ei ganske lett og til dels lystig samtale som vart ført mellom dei tre samtalepartnarane og publikum, rundt teknologien si rolle, naturen si rolle, og individet si rolle.

I Kolstad sitt innleiande innlegg, om teknologi, forklarte han rett nok ei årsak til sin eigen pessimisme.

– Me har sluppe ut veldig mykje karbon i atmosfæra allereie, sa han.

– Sjølv om me på magisk vis skulle klara å slutta med dette i morgon, vil denne karbonen framleis vera der, og den vil syta for at jorda vert varma opp.

Han meinte me med andre ord treng å finna teknologiske løysingar for å ta karbon ut av atmosfæra, noko han stilte seg tvilande til realismen i. Han kom også inn på andre former for såkalla geoengineering, på godt norsk: klimafiksing, blant anna ideen om å etterlikna vulkanutbrot gjennom å sleppa svovel ut i stratosfæra, og slik dempa mengda innkommande sollys.

– Då eg høyrer slike forslag får eg litt assosiasjonar til Donald Duck-historier på 1980-talet, sa Tvinnerheim, til lått i salen. Ho meinte også at løysingar som karbonfangst vert som eit slags plaster på såret, men åtvara mot å laga ein debatt basert på tenkte motpolar.

Dilemma

Diskusjonen mellom Tvinnerheim, Kolstad og Wanvik sette elles søkjelys på fleire dilemma som lenge har vore diskutert, både blant forskarar og byråkratar, og innad i miljørørsla. Dei siste åra har det til dømes vorte meir fokus på økosystemtenester – goder og tenester me får frå naturen. Wanvik synte til at det kan ha fordelar å vurdera desse tenestene sin faktiske, økonomiske verdi.

– Samstundes er det eit tviegga sverd, la han til. – Ein kan risikera å gjere ei forbruksvare av naturen.

Tvinnerheim var på si side oppteken av å framheva naturen sin eigenverdi, og av at ein må endra sjølve tenkninga rundt natur.

– Men hadde det ikkje då vore ein fordel å setja pris på naturen, repliserte Kolstad.

Møterekke

Det neste møtet som skal haldast i møterekka «Tampen brenner» er 20. februar. Då skal klimaforskar og havkjemikar Siv Kari Lauvset frå Bjerknessenteret og Uni Research snakka om korleis våre CO2-utslepp endrer karbonkrinslaupen og korleis dette påvirker havet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed