Torbjørn Røe Isaksen varslar nye reformer for universiteta og høgskulane

Publisert:17. januar 2018Oppdatert:17. januar 2018, 08:56
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen varsla nye reformer, i det som kan ha vore hans siste tale som kunnskapsminister. Foto: Ola Sæther

– Me skal gjera betre analysar av framtidas kompetansebehov. Derfor skal regjeringa setja ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på dette, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på Kontaktkonferansen for universitet og høgskular.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var ikkje overtydd om at dagens regelverk for universiteta og høgskulane gir dei beste rammevilkåra, skriv Uniforum.

– Det er også store forventingar til korleis det framtidige rammeverket for drifta av universitet og høgskular skal verta. Derfor har me dialog og samarbeid om dette med heile kunnskapssektoren, understreka han.

Statlege forvaltningsorgan

Røe Isaksen opna også for at sektoren kunne bli organisert på andre måtar i framtida.

– Regjeringa vil ta inititiav til ulike moglege reformer, til dømes statlege forvaltningsorgan. Kanskje ei anna organisering vil gi betre rammevilkår, men sektoren må få dei same overføringane som før. Dette må me ta ein fordomsfri debatt om, slo han fast.

Røe Isaksen meinte at sektoren har ei nøkkelrolle i utviklinga av det norske samfunnet.

– Universiteta og høgskulane er dei viktigaste aktørane for å få endra samfunnet og rusta Noreg og verda for framtida. Det står eg her og seier på vegne av ei samla regjering, sa Røe Isaksen.

– Fleire må få tilbod om livslang læring

Han peika ikkje minst på behovet for å læra heile livet.

– Høgare utdanning kan løfta alle saman, ikkje berre dei på toppen. Noreg har hatt ein utdanningsrevolusjon, men står overfor mange omstillingar. Me vil ikkje klara det utan mobilisering frå universitet og høgskular. Dei er berebjelkar i morgondagens kunnskapssamfunn. Tempoet vil auka. Fleire av oss må læra meir for å hengja med. Nokre tar initiativ sjølve, andre let arbeidsgjevar ta initiativet. Det er ikkje godt nok. Universitet og høgskular må ha ei nøkkelrolle og tilby vidare- og etterutdanning. Me har gode døme på samarbeid med offentleg sektor og private bedrifter. Fleire må få tilbod om livslang læring, understreka han.

Så samanlikna han utdanning med landbruket.

– Utdanning er samfunnet sitt største generasjonsprosjekt. Som i landbruket skal du overlata bruket i betre stand til arvingen enn det det var i den gongen du sjølv overtok, meinte han. Røe Isaksen trekte også fram korleis automatisering og digitalisering er blitt store utfordringar i samfunnet.

– Sakte digitalisering

– Me må diskutera korleis det formelle utdanningssystemet skal fylgja med og sjå på etterspurnad- og tilbodssida. No står me midt oppe i ei stor endring i arbeidslivet vårt. Høgare utdanning er viktig for utviklinga av samfunnet. Me digitaliserer ikkje for digitaliseringa si skuld. Men me må ha ein framtidsretta politikk. Digitalisering av høgare utdanning går sakte, ja, det minner om internett på midten av 1990-talet, syntest han.

Kunnskapsministeren meinte dessutan at universiteta og høgskulane burde bli flinkare til å dela nyvinningar med kvarandre. Han ville også ha endå meir samarbeid mellom akademia og næringslivet.

– Me vil ha meir deling av framtidas teknologiar. Dei må spreiast. Og dei kan brukast for nå måla våre. Dei kan fremja læring i sitt fag. Dessutan må me vera i forskingsfronten. Nettopp derfor må me bli flinkare til å samarbeida. Då blir det nyoppretta tenesteorganet (Ceres,Uninett og Samordna opptak red. merk.) til Kunnskapsdepartementet ein viktig reiskap, meinte han.

– Oppblomstring av skepsis mot vitskap

Statsråden tok også tak i den utbreidde misnøya med seriøse forskingsfunn og konstaterte at universiteta og høgskulane var eit bolverk mot falske forskingsnyhende (fake science).

– Me har sett ei oppblomstring av skepsis mot vitskap. Mange bryr seg ikkje om grunnleggjande, vitskaplege funn. <<Eg vil ikkje forholda meg til dette, for det trur eg ikkje på>>, seier dei. Me har sett «fake science». Ein dansk forskar starta nyleg eit ope forskingsstidsskrift med fake science. «Kvite menneske er overlegne andre», var eit av funna som blei publisert der. Det er ikkje mange nok som stiller spørsmål ved slik falsk vitskap. Propaganda er å skapa uvisse om alt. Ingenting er lenger sikkert, peika han på.

– Viktig med #metoo

Statsråden tok også ein sving innom #metoo-debatten.

– #metoo er viktig. Eg kan ikkje seia meg einig med Støre om at det var ein augeopnar. Det har skjedd før. Både overgrep og maktmisbruk både i arbeidslivet, i politikken og i akademia. Ein ser ikkje alltid at ein er i ein underlegen posisjon. Nokre har ein fast jobb, medan andre nettopp har starta ein forskarkarriere. Nettopp av den grunn må me også ha rutinar på plass. Me skal gjera så godt me kan frå politisk hald, lova han.

Røe Isaksen heldt eit varmt forsvar for autonomien til universiteta og høgskulane.

– Norske universitet og høgskular skal ha autonomi og vera opne for alle, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn. Me skal aldri slutta å stilla kritiske spørsmål. Og me skal læra av #metoo, garanterte han. Og så kom han med eit lite sluttpoeng:

– I samband med regjeringforhandlingane og fordelingane av statsrådspostane er det alltid eit spørsmål som går igjen hos journalistane: <<Skal statssekretær Bjørn Haugstad halda fram?>>, sa han til stor applaus frå representantane for universitets- og høgskulesektoren i Noreg.

– Krav til vitskapleg metode må alltid prega akademia på same måte som verdiar skal prega skulen, understreka kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Kunnskapsdepartementets kontaktkonferanse for universitet og høgskular. På første benk sit UiO-rektor Svein Stølen. (Foto: Ola Sæther)

– Livslang læring ikkje noko nytt

I kommentaren etterpå peika fungerande leiar for Nye universitets- og høgskulerådet, rektor Kathrine Skretting frå Høgskolen Innlandet på at satsinga på livslang læring ikkje var nokon ny bodskap.

– Livslang læring var også eit tema i 1999: Det må me ha, opplevde eg som prorektor ved NTNU. Det har skjedd mykje, men det har ikkje vore noko paradigmeskifte. I 1986 var det stortingsmelding om livslang læring med same argument som i dag. Me har ei lang historie her, og me har ikkje fått det til før, sjølv om det har vore på agendaen i 30 år, konstaterte ho.

NTNU-rektor Gunnar Bovim meinte at regjeringa kunne leggja meir nasjonale føringar på universiteta og høgskulane for å oppnå bestemte mål.

– Ja, då tenkjer eg at kravet om at ingen av dei to målformene på norsk skal brukast mindre enn 25 prosent i alle elektroniske dokument og papirdokument frå institusjonen. Eg synest ikkje det vil vera ein fare for autonomien, trekte han fram.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed

På Høyden

På Høyden er Universitetet i Bergen si uavhengige avis, som sidan januar 2001 blir publisert på internett. På Høyden blir redigert etter Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Ver varsamplakaten.

 

Design: Tank | Nettløsning: Ramsalt 

Kontoradresse

Christiesgate 13 
5007 Bergen

Postadresse

På Høyden
Pb 7800
5020 Bergen