Studentar splitta i synet på nikabforbod

Publisert:11. januar 2018Oppdatert:11. januar 2018, 14:51
Studentar er meir negative til nikab enn universitetsleiarar. Tidlegare rektor Frøystein Gjesdal ved Norges Handelshøyskole omtaler framlegget til nikab-forbod som "både fremmedartet og dramatisk" i eit høyringssvar. Foto: Colourbox

Ei fersk Sentio-undersøking, utført for Universitas og Norsk Studentorganisasjon, syner at 41 prosent av norske studentar stør eit forbod mot nikab ved universitet og høgskular, medan 39 prosent ikkje stør eit slikt forbod.

I ei tilsvarande undersøking i 2014 sa 41 prosent av studentane at dei meinte det ikkje burde vera mogleg å bruka nikab på utdanningsinstitusjonane, medan 36 prosent meinte det burde vera mogleg. Same år anslo Linda Alzaghari i tenketanken Minotenk at det var mellom 50 og 100 kvinner som nytta ansiksdekkande plagg i Noreg. 

Den hausten var det ein omfattande nikabdebatt ved Høgskolen i Oslo og Akershus, etter at ei nikabkledd kvinne byrja på bioingeniørutdanninga ved høgskulen. Ho slutta etter tre veker, og gav i ein epost til Khrono uttrykk for at ho kjende seg ekskludert. Hausten 2015 vedtok Høgskolen i Østfold eit forbod mot nikab, etter å ha hatt ein student med nikab semesteret før. 

Det er lite truleg at talet på nikabbrukarar har auka noko vidare sidan den gongen, og i UH-sektoren har det framleis berre vore enkeltståande saker knytt til nikabbruk. Likevel har plagget vore mykje diskutert dei siste åra, og i fjor gjorde regjeringa framlegg om mellom anna å innføra eit forbod mot heildekkande ansiktsplagg i høgare utdanning. 

Universiteta kritiske til forbod

I høyringa om framlegget har både Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Stavanger uttalt seg kritisk til framlegget. Det same har rektor Frøystein Gjesdal ved Norges Handelshøyskole, som i sitt høyringssvar omtaler framlegget som <<både fremmedartet og dramatisk>>, og som meiner at behovet for eit slikt forbod verken er dokumentert eller sannsynleggjort. 

Til gjengjeld har departementet fått inn ei rekkje høyringssvar frå enkeltpersonar, mange av dei også anonyme, som stør framlegget. Det same har mellom andre Hedningsamfunnet (som sidan har skifta namn til Ateistene, journ. anm) og organisasjonen Ex-Muslims of Norway gjort.

Norsk Studentorganisasjon har vore kritiske til framlegget om forbod, og vil heller ikkje skifta syn i ljos av meiningsmålinga.

–  Eit slikt knapt fleirtal endrar ikkje NSO si innstilling, seier Mats Beldo, NSO sin leiar, til Universitas

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed