Sophia starta oppropet #MeTooAkademia

Publisert:22. januar 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:38
Sophia Efstathiou har sjølv opplevd seksuell trakassering og veit kor sårbar ein er på mellombels kontrakt. Foto: Elise Løvereide

— Vi vil bevisstgjere og identifisere seksuell trakassering i akademia, seier postdoktor ved NTNU, Sophia Efstathiou.

Torsdag møttest fleire representantar frå akademia til debatt om seksuell trakassering, deriblant UiB-rektor Dag Rune Olsen, SKOK-senterleiar Christine M. Jacobsen og tillitsvald i Forskerforbundet ved UiB, Helge Holgersen.

Til stades i debatten var også postdoktor i filosofi ved NTNU, Sophia Efstathiou. Saman med filosof Marit Hovdal Moan starta ho i fjor emneknaggen #MeTooAkademia, der nærmare 600 personar til no har signert oppropet.

— Vi har begge vore på mellombels kontraktar og i tillegg opplevd seksuell trakassering. Då vi såg ein del aktivitet rundt Metoo i akademia i Sverige, ønskte vi å gjere noko meir ut av det i Noreg, seier ho.

Kvinner i akademia sårbare

Efstathiou vedgår at korkje ho eller Moan er ekspertar på kjønnsfag. Men på grunn av ei uro for yngre kvinner i akademia, ville dei gjere noko.

— Trur du seksuell trakassering er meir utbreidd i akademia enn i andre sektorar?

— Det er vanskeleg å seie. Eg ser for meg at kvinnene er meir sårbare på grunn av den sterke mannsdominansen i akademia. I tillegg skapast det tette og personlege bånd når ein samarbeidar med rettleiarar - dette kan opne opp for utnytting.

Makthierarki

I debatten tok rektor Dag Rune Olsen sikte på at det lange karrierespranget frå masterstudent til professor, med mange seniorar over seg, kan legge tilrette for trakassering. Makthierarkiet i akademia gjer nokre grupper sårbare. I tillegg er sektoren prega av mange mellombelse stillingar.

— Eg beklagar. Det er dei to orda eg har sagt mest av dei vekene Bergens Tidende skreiv om Metoo på Universitetet i Bergen. No har vi fått betre varslingssystem på plass, men det som uroar meg er at det ikkje har kome fleire varsel, sa han til salen.

— Kven skal studentane eller tilsette gå til dersom dei vil varsle om seksuell trakassering, spør ordstyrar og stipendiat ved SKOK, Tomas Salem.

— For den tilsette er det den enkelte instituttleiar som skal ha kunnskap om og å ta imot slike varsel. For studentar er det studentombodet, svara rektoren.

Når den andre ordstyraren, Mari Hansen Korsbrekke, spør studentane i salen kven som visste om at Studentombodet tar imot slike varsel, er det tyst.

Haldningskampanjar som middel

Helge Holgersen, som er tillitsvald i Forskerforbundet, men også psykolog som jobbar med overgrepsproblematikk, meiner vi lever i ein teiingskultur. Han har ikkje tru på haldningskampanjar så lenge vitnar berre er passive tilskodarar.

— Universitetet og andre trur at trakassering og overgrep skjer på grunn av kunnskapsmangel, at så lenge vi blir opplyste, så vil ikkje dette skje. Men haldningskampanjar kan nødig endre åtferda, for dei som gjer dette veit nøyaktig kor galt det er.

Efstathiou trur likevel at haldningskampanjar kan auke medvitet rundt problematikken, og ikkje minst skape verktøy og eit omgrepsapparat for dei utsette.

— MetooAkademia handlar om å førebygge, identifisere trakassering og å sanksjonere det. I tillegg må systema for varsling kvalitetssikrast. Sakene blir ofte behandla internt og lite transparent. Kampanjar kan påverke folk, få temaet på dagsorden og dessutan få vitne til å ta ansvar.

— Er du samd i dei sanksjonane som har blitt nytta i Noreg så langt, at folk må forlate stillingane sine?

— Det tenker eg avheng av kva som blei gjort og av omfanget.

— Mange seier at Metoo har gått for langt. Kva tankar har du om det?

— Sjølvsagt har ikkje Metoo gått for langt. Folk som seier dette, for eksempel dei franske kvinnene som fryktar at erotikken og flørten vil døy - dei opererer med ein modell om at mannen er pågåande og seksuelt aggressiv, medan kvinna er passiv. Denne modellen tillet ikkje val. Eg må kunne velje korleis eg vil bli tilnærma, og ikkje tvinga inn i ein slik modell.

— Må vere gledesdreparar

Universitetet i Bergen har fått kritikk etter avsløringar som har kome fram under Metoo-debatten. Varslingssystemet, rutinane og oppfølginga har ikkje vore god nok, vedgår rektoren. Ifølge Christine M. Jakobsen, senterleiar ved SKOK, hadde dei ved universitetet fleire punkt om seksuell trakassering i 1996, men ingen i 2012.

— Metoo er på ingen måte noko nytt. Eg trur kunnskap er ein veg å gå. Nokre må gå fram å vere gledesdreparar. Det skulle eg sjølv ha vore då ein eldre professor tok tak i rumpa mi på dansegolvet då eg var student.

Allereie i 2016 skreiv Morgenbladet om seksuell trakassering i akademia. Trass i at fenomenet har blitt debattert før, har Metoo skapt større ringverknadar, mellom anna på grunn av involveringa frå kjendisar. Efstathiou meiner informasjon om seksuell trakassering er på høg tid:

— Det trengst meir kunnskap om dette, på same måte som at eg får informasjon om kva eg skal gjere dersom det brenn. Det burde ikkje vere skambelagt å vere eit offer for noko, og det er urovekkande at så få tør å seie i frå, seier ho.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed