Odda vil vise fram UB-fotoskatt

Publisert:4. januar 2018Oppdatert:4. januar 2018, 14:20

Rett før jul vedtok kommunestyret i Odda at dei ynskjer seg eit visningssenter for fotograf Knud Knudsen (1832 – 1915) sine bilete. Dei bad rådmannen om å leggja fram eit framlegg til forprosjekt så snart som råd er.

Bak idéen står Kunstgruppa i Agatunet i nabokommunen Ullensvang. Dei voner at eit visningssenter for Knud Knudsen sine fotografi kan verta fyrste steg på vegen for eit større kunstmuseum i Odda, der også verk av målaren Per Patterson, målar og teiknar Ragnar Grønsdal, skulptør Lars Utne og andre kan få plass.

– Det er ledig areal og høvelege bygningar på Smelteverkstomta, seier Astrid Grønsnes og Johild Mæland, talskvinner for prosjektet, til lokalavisa Hardanger Folkeblad.

Viktig landsskapsfotograf

Knud Knudsen vart fødd i Odda i 1832. I 1864 opna han eit fotoatelier i Strandgaten i Bergen. Han slo seg opp som portrettfotograf og med byprospekt, men etterkvart satsa han også på turistmarknaden. Knudsen fulgte mange av dei store turistrutene, og fotograferte både hotell og turistmål landet over. Han var også oppteken av kommunikasjon og infrastruktur, og tok mange bilete av vegane som vart bygde på hans tid. Alt dette har bidrege til at Knudsen vert rekna som ein av Noregs viktigaste landskapsfotografar på 1800-talet.

Biletarkivar Susanne Bonge – ein pioner for fotobevaring i Bergen – sytte i si tid for at Universitetsbiblioteket i Bergen sikra seg arkivet etter Knud Knudsen. Arkivet inneheldt 13 000 glasnegativ og rundt 20 000 av Knudsen sine originalbilete på albuminpapir. Det er ein del av Spesialsamlingane ved UB, og kom i 2012 også med på UNESCO-lista over Noregs dokumentarv.

Knytt til Hardanger

Sjølv om Knudsen si karriere var i Bergen, hadde han både eigedom i Odda og sterk tilknytning til staden gjennom heile livet. I Odda kommune si saksutgreiing vert det også peikt på at fotomaterialet etter Knudsen syner Odda si utvikling frå 1860-talet – då fruktdyrking og turisme var viktig – og fram til industrieventyret starta på tidleg 1900-tal.

UB er positive

Universitetsbiblioteket i Bergen ser positivt på prosjektet. I eit brev til kommunen gjev bibliotekdirektør Maria-Carme Torres og avdelingsleiar Karin Cecilia Rydving utrykk for støtte til at eit forprosjekt vert sett i gang.

Også det nasjonale fotomuseet, Preus museum i Horten, stiller seg positive. – Knud Knudsen burde etter vår meining burde etter vår meining vera like sjølvsagt som ein del av norsk, nasjonal oppvåkning på 1800-talet som Asbjørnsen og Moe, Tidemand og Gude eller Ernst Sars, skriv seniorkurator Hanne Holm-Johnsen ved Preus museum til kommunen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed