No vil franske styresmakter òg vita kva vanlege menneske tenkjer om klima

Publisert:16. januar 2018Oppdatert:16. januar 2018, 06:00
Kjersti Fløttums lingclim-prosjekt har vorte både bok og film. No har franske styresmakter invitert fransk-professoren til å fortelja korleis ein bør kommunisera med mannen i gata om klimaspørsmålet.

Fransk-professor Kjersti Fløttum vart invitert til det franske miljødepartementet for å fortelja dei korleis ein bør snakka om klima med mannen i gata.

Kjersti Fløttum utanfor det franske miljødepartementet, som er plassert ved den moderne triumfbuen i Paris. Foto: Privat

Dei siste åra har Kjersti Fløttum, som er professor i fransk språkvitskap, forska på språkbruk i klimadebatten. Prosjektet Lingclim vart formelt avslutta i 2017, men Fløttum forskar framleis på same tema, no til dels gjennom eit prosjekt finansiert av akademiaavtalen.

Før jul vart ho invitert til det franske miljødepartementet, Ministère de la transition écoloque et solidaire.

– Franske styresmakter vil ha meir fokus på klimaspørsmålet i den offentlege debatten, dette er noko som verkar å ha kome særleg etter Paris-avtalen. Dei hadde høyrt om arbeidet me har gjort i Noreg, særleg om artikkelen i Nature Climate Change, og om boka vår <<The role of language in the climate change debate>>, fortel Fløttum.

Uorden eller endring?

Resultata som vert presenterte i artikkelen i det anerkjende tidsskriftet kjem frå samarbeidet Fløttum har hatt med samfunnsvitarar, særleg Endre Tvinnereim frå Uni Research Rokkansenteret. Dei har nytta data frå medborgarpanelet for å få fram korleis vanlege menneske ser på klimaspørsmålet. Det er noko liknande franskmennene no kanskje ser føre seg.

– Det handlar om at dei vil sjå på korleis dei ulike aktørane og premissleverandørane kan forstå kvarandre, og korleis ein kan gi gjenklang hos folket, seier Fløttum.

Fløttum var altså invitert for å fortelja om arbeidet som er gjort i Noreg, og allereie i vår er ho invitert til ein eigen konferanse om klimaspråk (<<Les mots du climat>>) i regi av miljødepartementet, som først og fremst har byråkratane som målgruppe.

– I Frankrike brukar ein til dømes ordet «dérèglement» om klimaendringar, som betyr «uorden» eller at noko ikkje fungerer eller må rettast opp. Dette omgrepet er heilt annleis og mykje meir farga enn til dømes «endring», forklarar Fløttum.

Omgrepet «dérèglement» vert nytta både av styresmaktene men også av folk flest.

Skremma eller ikkje?

Eit av spørsmåla i klimadebatten er i kor stor grad ein skal skremma. Fløttum meiner at ein heller bør vinkla problemstillinga meir positivt, korleis kan den einskilde bidra til å minska klimaendringane?

– Me hadde nokre opne spørsmål til medborgarpanelet, mellom anna spurte me «kva meiner du bør gjerast». Nokre av svara var veldig runde, som «vi må alle bidra». Men korleis kan ein formidla at enkeltindivid kan og bør bidra? Det vert no i første omgang ei oppgåve for byråkratane i det franske departementet, seier Fløttum.

Frankrike har atomkraft, og dei har ikkje oljeutvinning på eigen sokkel. Debatten om utslepp er difor ikkje aktuell der på same måten som i Noreg. Men samstundes er avfallet frå atomkraftverka alt anna enn miljøvennleg, og ein del av atomkraftverka er gamle.

– På sikt vil nok noko måtte gjerast, men førebels er atomkraft lite diskutert. Franskmennene brukar dessutan mykje norsk gass, seier Fløttum.

– Hadde du sett føre deg at det kom til å verta så mange oppdrag då du gjekk i gang med lingclim-prosjektet?

– Nei, det hadde eg absolutt ikkje. Men at det me har gjort er såpass etterspurt, er veldig gøy, smiler professoren.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed