Framleis berre 29 prosent kvinnelege professorar

Publisert:24. januar 2018Oppdatert:24. januar 2018, 13:29
Fleire kvinner å sjå på denne doktorpromosjonen. Dei siste åra har omlag halvparten av dei som tek doktorgrad vore kvinner. UiB har òg eit rektorat der kvinnene no er i fleirtal.

Talet på kvinner i vitskapelege stillingar aukar. Men framleis er berre 29,3 av norske professorar kvinner.

Forskerforbundet har laga eit notat om kjønnsbalanse i universitets- og høgskulesektoren, skriv Forskerforum. Tal frå 2017 viser at det no er ein kvinneandel på 46,4 prosent i vitskapelege stillingar. For ti år sidan var talet 40,8. Ser ein på professor-kategorien, er det framleis berre ein knapp tredel av dei som er kvinner; 29,3 prosent.

Jamnt og trutt

– Det går jamnt og trutt framover. Og i den samanhengen trur eg me skal legga vekt på jamnt og trutt, og ikkje framover, sa tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i fjor vår, ifølgje Forskerforum.

NTNU hadde færrast kvinnelege professorar i 2017, 24,5 prosent. Ved UiB er 37 prosent av dei som er tilsett i undervisnings- og forskingsstillingar kvinner. Professorandelen varierer veldig, frå 47 prosent ved Det psykologiske fakultetet, til 14 ved Det Matematisk-naturvitskapelege. Det samfunnsvitskapelege fakultetet har 20, Det humanistiske 28, Det juridiske 30 og Det medisinske fakultetet 31 prosent kvinnelege professorar. Det viser tal frå UiB sin likestillingsstatistikk for 2016. Med unntak av for HF har talet på kvinnelege professorar gått opp sidan 2009.

Flest kvinner i rekrutteringsstillingar

Dei siste åra har om lag halvparten av dei som teke doktorgrad vore kvinner. UiB sin statistikk viser at fire av seks fakultet no har overvekt av kvinnelege stipendiatar. Det same har Universitetsmuseet. Ser ein på postdoktorar er det òg der fire av seks fakultet som har tilsett flest kvinner i desse stillingane.

Men nettopp postdok-kategorien har vorte peika på som nøkkelen til ein vidare karriere i akademia. Anne Beate Maurseth er no prodekan ved Det humanistiske fakultetet. Ho har tidlegare vore tilsett i forskingsadministrativ avdeling. Då tok ho til orde for ei kartlegging av stillingskategorien postdoktor, for å betre kunne forstå kvifor kvinner er i mindretal i vitskapelege stillingar.

I rapporten «Farefull ferd mot toppen – muligheter og begrensninger for kjønnsbalanse i akademiske toppstillinger» såg Uni (no Norce)-forskarane Sevil Sümer og Gry Brandser på kva som hindrar kvinner i å nå professorkategorien.

– Det finst eit komplekst samspel av institusjonelle og kulturelle forhold som gjer at kvinner får dårlegare vilkår til vidare avansement enn menn, sa Sümer då dei to presenterte rapporten.

Ser ein på reine undervisningsstillingar, som høgskulelektor eller universitetslektor, sant sakshandsamarstillingar, er kvinner derimot i klart fleirtal der.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed