- Fokus på studiemiljø i arbeid mot radikalisering

Publisert:8. januar 2018Oppdatert:8. januar 2018, 06:00

NTNU har ikkje eige planverk mot radikalisering, men har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar.

Organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU peiker på arbeid for eit godt studiemiljø som viktig, også i høve førebygging av radikalisering. Foto: Idun Haugan / NTNU

– Me møter desse utfordringane primært ved å ha fokus på utvikling av eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette, og eit trygt og engasjerande studiemiljø for studentane, seier organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU.

– Me har òg tett kontakt med politiet og andre relevante instansar.

Munkeby fortel at NTNU har rutinar og retningsliner på plass for å kunna varsla om ulike typar avvik og bekymringar, og for korleis slike varsel skal følgjast opp.

– Dette er med på å skapa ein vaken og merksam kultur, der tillit mellom kollegaer og leiarar er ein viktig faktor, seier ho. Varslingskanalar er også etablert for studentane.

Ho understrekar at universitetet arbeider systematisk med leiarutvikling og arbeidsmiljøutvikling.

– Det er heilt sentralt at leiarar og andre ressurspersonar i vår organisasjon, som verneline og tillitsvalde, er i kontakt med fag- og arbeidsmiljø, slik at me kan vera i stand til å fanga opp signal, seier organisasjonsdirektøren.

Ikkje eige planverk

Noko eige planverk for å førebyggja radikalisering finst likevel ikkje på Noregs største universitet, med over 40 000 studenter.

– Det som kan kategoriserast som planverk for å motverke radikalisering er utforma i samanhang med studentvelferd, seier Munkeby.

– I denne samanhang kan det nemnast at SiT bolig (studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim, journ. anm) har ei prosedyre for å fanga opp mogleg radikaliserte studentar.

Har reagert på bekymringsmeldingar

Munkeby stadfester at NTNU har reagert på bekymringsmeldingar knytt til enkeltpersonar, og fortel at slike meldingar har kome frå både eksternt og internt hald.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed