Får ikkje eksamen på nynorsk

Publisert:22. januar 2018Oppdatert:26. januar 2018, 08:11
Studentar ved UiB og andre institusjonar får ikkje alltid eksamen på nynorsk, slik lova seier. Naturvitskaplege fag er ofte verst, meiner Norsk målungdom.

Ifølgje mållova har studentar rett til å få eksamen på si eiga målform. Det får dei ikkje alltid.

Like før jul fortalte Norsk Målungdom i ei pressemelding at dei hadde sendt inn 18 klager til ulike lærestader på vegner av nynorskstudentar. Nokre av klagene dreidde seg om at kvaliteten på språket i oppgåveteksten var for låg, men i dei fleste høva dreier det seg om studentar som er misnøgde med å ikkje ha fått oppgåvetekst på nynorsk i det heile.

Målungdommen har laga eit eige klageskjema på nettsidene sine, og også i vekene etter dette har det kome inn fleire meldingar. Det fortel Eline Bjørke, som er skrivar i organisasjonen.

Ingrid Mølmen Gråsletten, som er leiar for Studentmållaget i Bergen, seier til På Høyden at saker som dette etter deira syn vitner om manglande respekt for studentane sine lovfesta rettar.

– Å ikkje gje studentane eksamen på rett målform er eit brot på mållova, men likevel veit me at det skjer stadig vekk, over heile landet, seier ho.

– Det er ikkje greitt, og det er viktig at studentane seier ifrå når slike ting skjer.

HVL vurderer eige språksenter

Ved bruk av nettskjemaet har organisasjonen vidareformidla klager frå studentar ved ei rekkje lærestader til Språkrådet. Blant desse finn ein både Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet (HVL).

På den sistnemnde lærestaden, som har nynorsk som primærarbeidsspråk, dreidde klaga seg om dårleg språk i nynorskutgåva. I eit svarbrev til Språkrådet og Norsk Målungdom orsaker høgskulen seg for dette, og forklarer det med at dei har ei internasjonal faggruppe, og at det har gjort det krevjande å sikra gode eksamensoppgåver på båe målformer. Samstundes har ei arbeidsgruppe på HVL nyleg føreslege å etablera eit eige språksenter ved Høgskulen. “Eit slikt senter vil gje språkkurs og skrivekurs for tilsette”, heiter det i svarbrevet. “Ei slik satsing på nynorsk vil vera til hjelp for tilsette som strevar med å mestre to målformer”.

Også Universitetet i Bergen har sendt eit svarbrev til Språkrådet, der dei gjev uttrykk for at klaga på manglande nynorskeksamen i eit konkret dataprogrammeringsfag må vera basert på ei misforståing. “Oppgåva låg føre i tre språkvariantar: bokmål, nynorsk og engelsk”, heiter det i svaret frå UiB, som også syner til at språk kan veljast i eit eige menyval i den digitale eksamensløysinga Inspera Assessment.

Studieadministrativ avdeling ved UiB veit ikkje om andre klager på manglande nynorsk. Det opplyser avdelingsdirektør Christen Soleim. – Eksamenar skal finnast på både nynorsk og bokmål, men i fag som har engelsk som undervisningsspråk, vil eksamenane kunna finnast berre på engelsk, seier han. Soleim presiserer at klager kan ha kome inn til fakulteta utan at studieadministrativ avdeling har fått melding om dette, då det er fakulteta som har ansvar på området.

Fleire klager i Oslo

Ved den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus, som no har vorte universitet og har fått namnet OsloMet, har det kome inn fleire klager på manglande nynorsk i løpet av 2017, både frå Norsk Målungdom og direkte frå ein student. Også tidlegare år har HiOA fått ein del klager, og i juni 2016 gjennomførte Språkrådet eit møte med den dåverande høgskulen. I møtet uttrykte Språkrådet uro for at omfanget av brot på forskriftene var større enn talet på faktisk innkomne klager.

HiOA sine representantar i møtet, prorektor for utdanning Nina Waaler og studiedirektør Marianne Brattland, gav i følgje referatet frå møtet uttrykk for at leiinga ved skulen gav klåre instruksar på området. Utfordringa, meinte dei, låg i ein stor organisasjon der desse meldingane likevel ikkje nådde ut il alle. Brattland peikte dessutan på særlege utfordringar ved eit institutt, der ein hadde kvidd seg for å gje oppgåver på nynorsk av frykt for at nyansar i fagterminologien kunne gå tapt i omsetjinga.

På Høyden sende tysdag i førre veke ein e-post til kommunikasjonsavdelinga ved OsloMet, med spørsmål om kva som vert gjort på området. Etter at denne artikkelen fyrst vart publisert har me fått svar frå det nye universitetet. 

– Me har motteke nokre få klager på manglande nynorskutgåve av eksamen, seier studiedirektør Marianne Brattland, som seier at ei av klagene synte seg å vera grunnlaus, medan dei andre vart skulda administrasjonsfeil.

– Etter dette har me stramma ytterlegare inn på rutinene våre. Studieavdelinga har på oppmoding frå rektoratet fulgt opp fakulteta sitt arbeid og har minna om at eksamensoppgåver skal vera tilgjengelege på nynorsk så sant ein student har bede om det, og om at dette er eit ufråvikeleg krav, legg Brattland til.

Ho fortel at tilsette får tilbod om omsetjingshjelp, og om kursing i nynorsk. 

Norsk Målungdom har ifølgje Bjørke også sendt klager til blant andre Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Stavanger. 

– Eg har fått klager frå alle slags institutt og fakultet, men meiner å sjå eit mønster i at dei fleste kjem frå naturvitskaplege fag, seier Bjørke.

Oppdatering, fredag 26. januar 2018: Artikkelen er oppdatert med svar frå OsloMet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed