Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Fagforeiningane uroa for stillingskutt

Publisert:29. januar 2018Oppdatert:30. januar 2018, 10:44
NTL-leiar Jørgen Melve er uroa for kva BOTT-samarbeid om innkjøp av nye system kan få å seia for talet på stillingar ved UiB. Arkivfoto: Dag Hellesund

– Me er redde for kutt, seier NTL ved UiB etter at det vart kjent at dei fire gamle universiteta no truleg går saman om system for løn, rekneskap og personalsystem.

Dei såkalla BOTT-universiteta, altså Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø, forhandlar no med Direktoratet for økonomistyring (DFØ) om eit felles system for løn, rekneskap og personaltenester. Det skreiv Khrono før helga. Søndag skreiv Uniforum at tilsette ved UiO er uroa for at stillingane deira vil verta kutta.

– Det DFØ gjer i dag for fleire andre statlege verksemder, er sakshandsaming og systemdrift på løn og rekneskap. Det betyr at oppgåvene som i dag vert utførde av tilsette i løn og rekneskap i UiO sentralt, potensielt skal utførast av DFØ, seier Ellen Dalen, NTL-leiar ved UiO.

Etterlyser informasjon

Ved NTNU var det tidlegare i januar allmøte knytt til planane om felles system. Iver Johnsen, som er nestleiar i NTL ved NTNU, utfordra ifølgje Universitetsavisa NTNU-leiinga på om det kan verta aktuelt å seia opp tilsette, men fekk til svar at følgjer for bemanninga er avhengig av kva modell ein vil velja.

– Det er same status hos oss som hos dei andre. Me er redde for kutt og usikre på kva som kjem til å skje.

Det seier Jørgen Melve, NTL-leiar ved UiB, til På Høyden.

Melve seier at NTL ved alle dei fire universiteta har følgt godt med i denne saka. Men sidan det er ei sak som går føre seg mellom universiteta, er reglane for medbestemming annleis enn om det hadde vore ei sak på kvart enkelt universitet.

– Me har fått informasjon når me har spurt etter det, men me har i lita grad vorte involverte i saka, seier Melve.

Usikkerheita er knytt til kva som faktisk skal gjennomførast av DFØ. Handlar det berre om innkjøp av eit felles system, slik det først var snakk om? Eller skal universiteta òg kjøpa tenester?

– Mange høgskular har allereie DFØ som leverandør. Det som er spesielt er at DFØ kan vera totalleverandør. Sidan dette er staten sitt organ kan dei òg overta oppgåver utan å overta tilsette. Det betyr at universiteta kan få eit kutt i ramma, som igjen kan bety at dei må kutta stillingar, seier Melve.

Ingen overflødige

– Ingen ved UiB kjem til å verta overflødige på grunn av systemval, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Han leiar gruppa som har forhandla med DFØ. Fredag skal universitetsdirektørane ved BOTT-universiteta diskutera framlegget til avtale.

– I prinsippet vil UiB berre flytta frå Bluegarden, som me nyttar i dag, til DFØ. UiO gjer meir av systemarbeidet sjølve.

– Men kva kan ein verta overflødig som følgje av?

– Den generelle digitaliseringa. Men det er noko som skjer uavhengig av systemet som ligg i botn.

– Kva seier du til at NTL meiner at dei har fått lite informasjon?

– Me både informerar og drøftar. Men systemval er ikkje ei forhandlingssak, seier Bernstrøm.

I dag brukar dei fire universiteta samla om lag 80 millioner kroner i året på drift, vedlikehald og lisensar på dei gamle administrative systema sine. Det kjem fram av styrepapir hos UiO-styret.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed