Ein vitskapsby skal trekkja verdas beste forskarar til Stockholm

Publisert:16. januar 2018Oppdatert:16. januar 2018, 18:00
Dette er Hagastaden på grensa mellom kommunane Stockholm og Solna. Bydelen er i ferd me å bli utvikla til ein vitskapsby som skal lokka verdas fremste forskarar til Sveriges hovudstad. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Stockholm vil lokka til seg verdas beste forskarar i molekylær biovitskap og livsvitskap. – Hagastaden skal bli ein forskingsbydel der folk ikkje berre arbeider, men der dei også bur, trenar og brukar kulturtilboda, fortel Ylva Williams i stiftinga Vetenskapsstaden Stockholm.

I Hagastaden på grensa mellom Stockholm og Solna held to kommunar og eit landsting på å utvikla ein ny bydel, ein vitskapsby. I denne bydelen ligg både Karolinska Institutet og Karolinska sjukhuset frå før. I 2010 blei forskingssenteret Science for Life Laboratory (SciLifeLab) etablert. Fram til 2025 er det planar om å etablera 50 000 arbeidsplassar og 6000 nye husvære i bydelen. Hagastaden kan tena som modell for Kunnskapsbyen Oslo, skriv Uniforum. I fjor haust var ein representant frå Stockholm i Oslo for å fortelja om desse planane.
Og planlegginga blir koordinert frå 12.etasje i eit kontorbygg midt i Hagastaden. Der sit administrerande direktør Ylva Williams i Vetenskapsstaden Stockholm (Stockholm Science City). Saman med dei åtte medarbeidarane sine har ho lagt fram visjonære planar for korleis Stockholm kan bli ein attraktiv by for verdas aller beste forskarar. I ryggen har ho Stockholm kommune, Solna kommune og Stockholm läns landsting som saman står bak stiftinga Vetenskapsstaden Stockholm. Fire universitet er også med. Ho er svært nøgd med det dei har klart å få til så langt.

– Målet vårt er at Hagastaden skal bli ein forskingsbydel der folk ikkje berre arbeider, men der dei også bur, trenar og brukar kulturtilboda. Derfor er det bra at me allereie om kort tid vil ha klar 6000 nye husvære, 3000 i Stockholm og 3000 i Solna. Og etter kvart som det blir ledige bygningar i området, passar me på at det kjem inn aktørar som vil driva forsking eller vil driva selskap grunnlagde på forskinga som går føre seg i bydelen, seier ei engasjert Ylva Williams til Uniforum.

Skal trekkja til seg internasjonale studentar

Stiftinga blei danna i 1990 av Handelshøgskolan i Stockholm, Karolinska Institutet, Stockholms universitet, Kungliga Tekniska högskolan og fleire private stiftingar. – Ein gong var alle desse institusjonane i Stockholm sentrum, men etter kvart som dei har hatt behov for meir plass, har dei flytta lenger ut frå sentrum. I den internasjonale konkurransen om studentar, er det viktig at Stockholm er attraktiv som studentby, også for studentar frå Singapore og USA, understrekar ho.

Nasjonalt samarbeid om toppforskingssenter

I dag er det 100 000 studentar og 10 000 forskarar i Stockholm. Den mest prestisjetunge institusjonen er Karolinska Institutet, eitt av verdas beste medisinske universitet. I nabolaget held Karolinska universitetssjukhuset til. Og midt i mellom dei to institusjonane finst eit resultat av arbeidet som Vetenskapsstaden Stockholm har jobba for. Der ligg Science for Life Laboratory. Det er eit senter for livsvitskap etablert av Karolinska Institutet saman med Stockholms universitet, Kungliga Tekniska högskolan og Uppsala universitet. Sidan starten i 2010 har dei rekruttert dei beste forskarane i livsvitskap frå Sverige og resten av verda.

– Spennande

Uniforum blir tatt i mot av forskaren Lars Johansson som har tatt doktorgraden sin ved Universitetet i Oslo. No arbeider han som infrastrukturkoordinator ved livsvitskapssenteret Science for Life Laboratory.

– Det er ein spennande stad å vera, seier han medan han losar oss gjennom fleire dører, ein heis og eit lunsjrom, før me kjem fram til eit møterom der me treffer strategirådgjevar Lars Hammarstrøm. Han peikar på at ideen om å etablera Science Life Lab kom opp i 2008, som eit samarbeidstiltak mellom Kungliga Tekniska høgskolan, Stockholm universitet, Karolinska Institutet og Uppsala universitet.

– Men først i 2013 blei det bestemt av regjeringa at det skulle bli eit nasjonalt senter for molekylær biovitskap. Dermed får me all infrastruktur på ein plass, samtidig som me får dei ressursane som er naudsynte for å få inn alle dei data me har behov for. Slik får me pengeløyvingar direkte frå regjeringa, nettopp fordi den molekylære forskinga me driv med skal vera tilgjengeleg for heile Sverige, seier Hammarstrøm. – Det er nettopp denne infrastrukturen for forsking som gjer Sverige konkurransedyktig internasjonalt når det gjeld å rekruttera dei beste forskarane, legg Lars Johansson til.

Senteret har både forskarar som er fast tilsette og forskarar som er engasjerte i forskingsprosjekt over ei tid .

– Nokre av dei drar til universitetet dei opphavleg kom ifrå eller dei får tilbod om jobb ein heilt annan stad, fortel Lars Johansson. Men senteret har som mål at ingen skal vera mellombels tilsette over lang tid. – Dei forskarane som har vore her i opptil seks år får derfor ofte tilbod om fast tilsetjing ved eit av eigaruniversiteta, understrekar Johansson. Og dei kan visa til at forskinga blir sett pris på.

– Så lenge SciLifeLabs program for yngre forskarar har eksistert, har dei som er rekrutterte gjennom programmet fått inn fleire hundre millionar svenske kroner, poengterer Lars Johansson.

Satsar på helse og miljø

Det er to område det blir satsa på ved SciLifeLab.

– Det er helse og miljø. Derfor har me også tilgang til svære biobankar og pasientdata frå heile Sverige. I Østersjøen driv me med forsking på biomangfaldet, fortel dei.

– Senteret samarbeider også med andre akademiske institusjonar, forskingsinstitutt og industriselskap som AstraZeneca, UCB Biopharma, Takeda og Ferring Pharmaceuticals vil også samarbeida med oss, fortel Hammarstrøm.

Både han og Johansson er svært nøgd med samarbeidet med dei fire universiteta som eig forskingssenteret.

– Ja, og me fungerer heilt fint som eit forskingssenter med universiteta som eigarar. Derfor har me også ein unik tilgang til dei beste forskarane. Det ville me ikkje hatt i like stor grad om senteret hadde vore ein sjølvstendig institusjon, forsikrar dei oss om.

I tillegg til avdelingane i Stockholm og Uppsala, har Science for Life Laboratory også mindre einingar i Gøteborg, Lund, Linkøping og i Umeå. Begge ser at det er stor oppslutnad om dagens forskingspolitikk i Sverige.

– Det er i dag store offentlege og private pengar som blir investerte i ulike initiativ som har å gjera med livsvitskap, fortel dei.

Utviklar mikroskopi for å sjå det minste av det minste

I den eine enden av bygningen møter me den danske forskaren Jes Dreier, som er utlånt som postdoktor frå Kungliga Tekniska högskolan. Han tar oss med inn i eit mørkt rom med svære objektiv, digre røyr, leidningar, PC-skjermar og laboratoriebord.

– Me held på med å samarbeida om å utvikla endå meir avanserte mikroskop enn dei som finst i dag. Målet vårt er å kunne få auge på tinga inne i ei celle, proteina og enzyma deira. Dei er 2000 gonger tynnare enn eit hårstrå, og derfor har det ikkje vore mogleg å studera dei tidlegare i mikroskop, fortel Jes Dreier.

Han er frå København, og har ikkje tenkt å bli verande i Stockholm.

– Nei, etter to år er prosjektet mitt over, og då vender eg tilbake til Danmark, seier han.

Felles laboratorium for ulike faggrupper

Nokre korridorar lenger borte finst det eit unikt samarbeid mellom kjemikarar og biologar. Dei har nemleg eit felles laboratorium.

Det synest Lars Johansson er heilt naturleg.

– Dei har eit felles mål om å utvikla best moglege løysingar for å takla dei utfordringane me har når det gjeld sjukdomar og miljø. Difor er det fint at dei kan jobba saman og få felles idear til å blomstra opp. Alle forskarar i Sverige kan samarbeida med dei som arbeider på laboratoria våre. Forskarane kan tinga prøvar, og så kan personalet utføra dei. Og dei kan også få hjelp til å forstå resultata, forklarar han.

Ein av dei som arbeider i laboratoriet er seniorforskar Martin Haraldsson frå Karolinska Institutet. Han har tidlegare arbeidt for eit privat legemiddelselskap, men no arbeider han for det nasjonale senteret Chemical Biology Consortium Sweden (CBCS). Målet til CBCS er å utvikla bioaktive kjemiske verktøy av høg kvalitet.

– Det er ein fin måte for oss å identifisera og gå gjennom nye legemiddelprosjekt. Legemiddelindustrien er interessert i prosjekta våre, og me har eit pågåande samarbeid med AstraZeneca, fortel han.

– Det er berre legemiddelselskapa som har råd til å satsa dei milliardane som må til for å utvikla eit nytt legemiddel, konstaterer Lars Johansson.

Hagastaden skal bli ein levande forskingsbydel

Når me vender tilbake frå Science for Life Laboratory til Ylva Williams i stiftinga Vetenskapsstaden Stockholm, avslører ho kvar inspirasjonen kjem frå.

– Me legg ikkje skjul på at me er blitt inspirerte av kjende forskingsbyar som Boston, Oxford og Cambridge Målet er at denne satsinga skal styrkja Stockholm-regionen som ein attraktiv stad å driva forsking.

Ylva Williams viser fram eit svær modell med måla for utbygging av området fram til 2025.

– Dette er vårt kart og kompass. Det skal bli ein by der alle gode tilbod finst i nærleiken. Med andre ord skal det bli ein levande by, og ikkje berre ein kunnskapsklynge. Folk skal også leva der, slår ho fast.

No er dei i ferd med å byggja ein ny t-banestasjon der, i tillegg til at det også skal leggjast ein pendeltogstasjon i området.

– Helse vil møta forsking og industri. Dei kan få til eit samarbeid som byggjer på tillit. Det kan føra til at nye selskap blir etablerte der, trur ho.

Sjølv om planen går ut på at forskarane skal bu og arbeida i same bydel, vil det ikkje vera noko tvang.

– Det er heilt opp til forskarane sjølve å bestemma kvar dei vil bu. Personleg ville eg ha budd i eit heilt anna miljø, seier ho og trekkjer litt på smilebandet.

I framtida ser ho også føre seg forskingsgrupper som både jobbar med 3D-kopiering og kunstig intelligens i denne forskingsbydelen. Dei har også store planar om å utvida Hagastaden til bydelane like ved. Og i år blir det mange ledige bygningar på Karolinska Institutet.

– Mange av dei tilsette flyttar no inn i den nye bygningane Bioclinicum og Biomedicum. Då blir det mange ledige lokale, der oppgåva vår er å få inn nye forskingsaktørar, seier Ylva Williams.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed