Arne Strands helsetilstand er betra

Publisert:23. januar 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:34
Arne Strand var på Hotel Intercontinental i Kabul då dette vart råka av eit terroråtak laurdag. Foto: Casimiri, Wikipedia. Under Creative Commons BY-SA 3.0-lisens. Portrettfoto: Kristen B. Hus

I ei pressemelding fortel CMI at helsetilstanden til forskaren Arne Strand er forbetra. Strand vart såra i samband med eit terroråtak i Kabul laurdag. Det vert no arbeidd med å transportera han ut av Afghanistan i løpet av dagen.

Strand er direktør for CMI sitt antikorrupsjonssenter U4, og var i samband med det på eit rutinemessig oppdrag i Afghanistan. Han var på Hotel Intercontinental i den afghanske hovudstaden Kabul då væpna menn storma inn i hotellet og opna eld laurdag. Det er ikkje kjend korleis Strand kom til skade, men sundag kveld fekk CMI melding om at han ikkje var livstrugande skadd.

Tysdag formiddag sendte CMI ut ei pressemelding som fortel at Strand sin helsetilstand har betra seg. Ifølgje pressemeldinga er det også teke ei medisinsk avgjersle om at han skal transporterast heim til Noreg, og det vert no arbeidd med å få han ut av Afghanistan i løpet av dagen. 

Gjekk bevisst etter utlendingar

Minst 19 personar vart drepne i åtaket, som den islamistiske grupperinga Taliban har teke på seg skulda for. Ifølgje eit augevitne intervjua av Agence France Press skal gjerningsmennene bevisst ha gått etter utlendingar. 14 av dei drepte er ikkje-afghanarar. Det er stadfesta at fleire ukrainske statsborgarar og ein kasakhstanar er blant dei.

Fyrst etter mange timar fekk afghansk politi, med støtte frå norske spesialstyrker, kontroll over situasjonen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed