Arne Strand er alvorleg skadd

Publisert:25. januar 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:34
CMI sin assisterande direktør Arne Strand er alvorleg skadd etter terroråtaket i Kabul i helga. Det melder Helse Bergen.

Helse Bergen melder at CMI-forskar Arne Strand er alvorleg skadd etter terroråtaket mot Hotel Intercontinental i Kabul i helga. Det dreier seg om røyk- og fallskader.

Strand er direktør for CMI sitt antikorrupsjonssenter U4, og var i samband med det på eit rutinemessig oppdrag i Afghanistan. Han var på Hotel Intercontinental i den afghanske hovudstaden Kabul då væpna menn storma inn i hotellet og opna eld laurdag.

Seint torsdag formiddag sende Helse Bergen ut ei pressemelding. I denne framgår det at Arne Strand pådrog seg røyk- og fallskader i samband med terroråtaket. Tilstanden hans vert skildra som alvorleg, men stabil, og han får naudsynt medisinsk behandling på Haukeland universitetssjukehus. Pressemeldinga er sendt ut i samråd med Strand sin familie. 

Strand kom med ambulansefly til Bergen i går. – Me er letta over at Arne Strand er komen heim til Bergen, seier kommunikasjonsleiar Ingvild Hestad ved CMI. – Me er trygge på at han får den oppfølginga han treng, og det er godt at familien kan vera saman med han.

Titals drepne

Den islamistiske grupperinga Taliban har teke på seg skulda for åtaket, der seks gjerningsmennene ifølgje augevitne skal ha gått bevisst etter utlendingar. Talet på drepne er ikkje endeleg avklara. Offisielle kjelder har gjeve opp tal mellom 22 og 30, medan afghanske media har rapportert om tal så høge som 40. Det er kjend at seks ukrainske statsborgarar, fire amerikanarar og ein kasakhstanar er blant dei som mista livet i åtaket. 

Afghansk politi fekk fyrst kontroll over situasjonen etter mange timar, med støtte frå norske spesialstyrker. 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed