Tilset ingen ny kommunikasjons-direktør

Publisert:11. desember 2017Oppdatert:11. desember 2017, 14:07
Førebels får ingen tilbod om stilling som kommunikasjonsdirektør ved UiB. Ein slik direktør skal jobba tett saman med universitetsdirektør Kjell Bernstrøm (t.v), rektor Dag Rune Olsen (t.h) og resten av universitetsleiinga. Foto: Hilde Kristin Strand

Innstillinga frå komiteen er at ingen av søkjarane får tilbod om stilling som kommunikasjonsdirektør ved UiB.

13 søkjarar melde seg då UiB lyste ut stillinga som kommunikasjonsdirektør tidleg i haust. Fire vart kalla inn til intervju. No har innstillingskomiteen bestemt seg: Ingen får tilbod om stillinga i denne omgang.

– Det var gode, interessante søkjarar, men ingen som passa heilt til profilen, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Vurderer rekrutteringsfirma

Kva er de på utkikk etter?

– Det er ei viktig stilling som er knytt opp mot rektoratet; deira plattform og profiltenking. Me ønskjer òg ein person som kan jobba tett med gruppa som har ansvar for kontakt med styresmaktene, seier Bernstrøm.

No vil universitetsleiinga bruka litt tid før stillinga vert lyst ut på nytt. Bernstrøm seier at ein vil gå nøye gjennom utlysingsteksten, samt diskutera om ein skal nytta eit rekrutteringsfirma.

– Me hadde nok i utgangspunktet trudd at me kom til å få fleire søkjarar. Men det er stor konkurranse på feltet.

UiO tilsette ikkje

Universitetet i Oslo hadde 37 søkjarar til si kommunikasjonsdirektørstilling. Her vart heller ingen tilsett. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sa til Uniforum at universitesleiinga ønskja at det nye rektoratet skulle kunne påverka innretning på stillinga, og at det var for tidleg å seia når stillinga vert lyst ut på nytt.

Bernstrøm seier at UiB har ambisjon om å ha ein kommunikasjonsdirektør.

– Men me har ikkje hastverk. Me har ein leiar som er fungerande no, og eg får òg gode tilbakemeldingar på den nye ordninga med at deler av kommunikasjonsavdelinga er plassert ute hos fakulteta, seier Bernstrøm.

– Er de ute etter nokon som kjenner sektoren eller nokon som kan kommunikasjonsfaget?

– Det er jo eigentleg kombinasjonen me er ute etter. Etter 21 år ved UiB har eg sett at det absolutt er ein fordel å kjenna til systemet dersom ein vert tilsett som leiar her. Det kan vera tungt dersom ein kjem utanfrå og ikkje veit noko om eigenartane ved universitetet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed